Meningsmåling

Er du fornøgd med valet av nytt kommunestyre og ny ordførar?



  • 130%
     
  • 269%
     
  • Antall stemmer: 937

Tips oss

53 74 01 80

E-post:

redaksjonen@vestavind-sveio.no

Adresse:

Pb 53

5559 Sveio

 

Veret

Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK

Nyheiter

Publisert 18.05.2012 - 08:29

Fleirtal for pol

Vinmonopolet AS er ønska av Sveio kommune. Nå er det opp til den statseigde butikkjeda å avgjera om dei vil etablera seg i Sveio. Vil dei det, kan det vera polutsal på plass i kommunen innan eitt år.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 18.05.2012 - 08:26

– Lagar ikkje mat på dugnad

Bøndene i Sveio er heller ikkje imponert over tilbodet regjeringa kom med i jordbruksforhandlingane. Rundt 20 traktorar og deira eigarar, med odelsjenter og -gutar støtta opp om aksjonen.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 09.05.2012 - 14:38

Bangladesh-huset borte

Laurdag morgon blei det som på folkemunne blir kalla Bangladesh-huset jamna med jorda.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 09.05.2012 - 14:36

Oftare nei i banken

I desember i fjor blei bankane i Noreg pålagt å gjera endringar. Reglar som gjer det svært vanskeleg for unge og uetablerte å kjøpa seg eigen bustad, også i Sveio. – Me merker at me må seia nei til fleire unge enn før, seier banksjef i Sparebanken Vest, Nina Hopsdal.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 04.05.2012 - 08:43

Ber om «sirkus»

– Dette er eit utstillingsvindauge me har fått. Bruk det for alt det er verdt! Oppfordringa kjem frå Ivar Jacobsen, løpsansvarleg for Ironman70.3 Norway.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 04.05.2012 - 08:42

Treng dei raude tala

Budsjettet innan helse og omsorg sprakk i fjor, og lyser raudt i år. Rådgivningsfirmaet Telemarksforskning har kartlagt og analysert rammeområdet helse og omsorg i Sveio kommune. Rapporten syner at driftsoverskridingane er på sin plass. Mellom anna må budsjettet jobbast med.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 26.04.2012 - 08:39

Toplanskryss på Ekrene om 10-15 år

Vegen frå Fagerheim nord i Haugesund til Ekrene (Rv47) er under planlegging og det har blitt sagt at det skal lagast toplanskryss i så godt som alle kryss på denne strekninga slik at vegen kan halda minst 80 km/t.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 26.04.2012 - 08:38

Meir kluss for butikken

Millionkrav frå ICA Norge, lønskrav frå tilsette og søndagsopen butikk, seinast i januar. Og nå – ei misforståing har gjort at ein del av forlikspengane til dei to tidlegare tilsette har kome minst sju dagar for seint.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 19.04.2012 - 08:24

Storkontrakt til Ølen Betong

To store kontraktar på betongelement til samferdsletunnelar, til ein samla verdi av 50 millionar kroner, er tildelt Ølen Betong i Mølstrevåg. Kundane er Hæhre Entreprenær og NCC, og leveransane er på heile 66 000 kvadratmeter.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 19.04.2012 - 08:22

Først på Ekrene

Varer frå mellom anna Toro, Freia, Stabburet og Findus får ein mellombels heim på Ekrene. Haugaland Storhusholdning er førstemann til å etablera seg på Ekrene Næringspark.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 12.04.2012 - 08:45

Ferieidyll året rundt

Om få veker vil 19 vinterisolerte husvogner stå innflyttingsklare på Valevåg camping og hyttetun. Prosjektet «Landsted for alle», blei til gjennom eit samarbeid med campingplasseigar Bjarne Valen og Haugaland Caravan.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 12.04.2012 - 08:43

Hjortejakta blir kraftig utvida

Sveio viltnemd innfører frå 1. mai i år endringar i lover og forskrifter når det gjeld storviltjakta. Blant anna blir jakttidene på hjort kraftig utvida.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 29.03.2012 - 09:04

Legemangelen er pengesluk for kommunen

Pasientar knytt til felleslista ved Sveio legekontor må belaga seg på å møta vikarlegar ei stund til. Dei to legane kommunen var i forhandlingar med takka til slutt nei. Heile 2011 var prega av vikarløysinga, som er svært kostbar for kommunen.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 29.03.2012 - 09:02

Brukarane bør koma meir i fokus

Onsdag 21. mars møttest kommunar, statlege verksemder, Inn på tunet – bedrifter og representantar frå brukarane, til konferansen «Nye tider – nye tankar – nye tilbod til konferanse i Vigdartun. Inn på tunet i eit samfunnsperspektiv.»

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 22.03.2012 - 11:45

Snart i hamn med Kaien

Det blir liv igjen på Kaien i Førde. Utbygging av kaien, kafé og restaurant med alle rettigheitar, gjestehamn, selskapslokale og sal av diesel er noko av det som er på plass om to snaue månadar. 

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 22.03.2012 - 11:44

Kan bli søksmål mot ordføraren

Ruth Eriksen, innehavar av Valevåg Nærbutikk som blei lagt ned 15. desember, er personleg ansvarleg for at to av hennar tilsette ikkje har fått løn frå den dagen butikken stengde, og heller ikkje ei reel oppseiing.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 15.03.2012 - 08:27

I gong med Solkroken

Det første skuffetaket er tatt på tomta til Espira Solkroken. Barnehagen, som vil liggja på Ekrene bustadfelt skal vera klar til neste skuleår – i midten av august, og har plass til 90 ungar og 22-23 heile stillingar.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 15.03.2012 - 08:26

Kjempa mot legane

Det kunne enda gale om legane ved Sveio legekontor fekk bestemma over korleis tilstanden til Charlotte Helgesen var då ho gjekk gravid. Helgesen er langt frå imponert over at ho måtte forholda seg til heile fem legar gjennom sitt første, og kompliserte svangerskap. – Eg blei sett i tvil kvar einaste gong, fortel Helgesen.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 08.03.2012 - 09:37

Underskrifter mot flytting av legekontoret

Nesten 400 personar har sett namnet sitt på ei underskriftsliste i protest mot flytting av Sveio legekontor. Torsdag blei lista overlevert ordførar og rådmann.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 08.03.2012 - 09:36

Kan bli kontrollert alkoholsal i Sveio

Etter politisk behandling i hovudutval helse omsorg og kommunestyret, vil det sannsynleg bli sendt ein førespurnad om etablering av vinmonopolutsal i Sveio. Ved ei positiv avgjerd, kan etablering vera eit faktum om eitt år.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 01.03.2012 - 09:22

– God nok veg til Rophus

Kjetil Staveland er nøgd med løysinga på veg til Rophus som den er i dag. Kjem det ein ny innfartsveg til bustadfeltet, må óg trafikkmønsteret på sjølve feltet leggjast om. Det kan medføra mindre tryggleik for ungane på feltet.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 01.03.2012 - 09:13

Samla frå hausten

Avgjerda er tatt, ein gong for alle. Enkelte i kommunestyret meiner at ein 45 år gammal diskusjon har fått sin ende. Det blir ein felles ungdomsskule i Sveio til hausten.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 23.02.2012 - 09:15

To forslag til Vikse nye skule

Link Signatur og Omega har levert kvar sitt forslag til det planlagde bygget på Vikse skule.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 23.02.2012 - 09:11

Er kommunen open nok?

I ei landsomfattande undersøking i fjor blei openheita i norske kommunar vurdert. Sveio kommune svara ikkje på undersøkinga, og scora derfor ein låg poengsum.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 09.02.2012 - 08:44

Fann steinalderøks i nyrydningsfelt

Funnet av ei øks og ein del flintmateriale på eit nyrydningsfelt på Liereid, har sett fantasien i sving hos Trond Lier.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 09.02.2012 - 08:40

Reagerer på nytt alternativ

Vedtaket seier at ein samla ungdomsskule skal vera på Vigdartun. Rådmannen tolkar vedtaket som at det like gjerne kan vera Sveio skule det er snakk om, sidan Vigdartun er ein bygningsmessig del av Sveio skule. To av medlemene i den overordna gruppa som er med på å legga til rette for ungdomstrinnet meiner at informasjon i saksgangen er mangelfull.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 02.02.2012 - 08:43

Nye tankar kring ungdomsskulen

Arbeidet om ein felles ungdomsskule har tatt ei ny vending. Kva med å friska opp bygningen ungdomstrinnet flytta i frå for nokre år sidan, og gjera den om til ein felles ungdomsskule?

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 02.02.2012 - 08:41

– Eit hån mot innbyggarane!

– Hån og mangel på respekt for innbyggarane, kallar Jarle Pedersen frå Førde bygdelag avslaget til ordførar, Ruth Eriksen. Ho og rådmannen fann oppropet til dei 700 som ønskjer ny behandling av ungdomsskulesaka, «for lett» og ikkje verdt å stemma over i kommunestyret.

» Les heile saka

Nyheiter

Publisert 02.02.2012 - 08:40

Oppdrag folkefest!

Masse lyd og liv langs sykkelløypa er oppdraget sveibuane får i samband med Ironman Haugesund 70.3. Oppfordringa frå ordføraren er å «gi alt» i publikumssonane når 1500 estimerte deltakarar tråkkar seg gjennom Sveio.

» Les heile saka