Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Skulestart for 10 år sidan:
Skulestart med mamma si trygge hand
Ti nye førsteklassingar hadde sin første skuledag i Auklandshamn.Saka var på trykk i Vestavind 20. august 2015.
Agnes Amalie Hovland og Sigrid Stølsvik Løvik var to av dei spente 6-åringane. Nye skuleranslar på ryggen varsla om nye tider. Nå er dei ikkje lenger barnehagebarn.
– Eg veit at på skulen har me friminutt, lekser og matpause. Det er ikkje sånn som i barnehagen lenger, seier Sigrid.
Ho gler seg mest til leksene. To eldre søsken på skulen har fortalt henne om det som nå ventar.
Venninna frå barnehagen, Agnes Amalie gler seg til både friminutt og lekser. – Eg kan nesten alle bokstavane, fortel ho – og så ringer det inn. Første skuledag har starta.