nyhende

Med frå starten: F.v. Olaug Fagerland, Rakel Øyerhamn, Alf Edvin Hovda, Johannes Vandaskog og Astrid Hovda. Foto: Einar Vestvik
Med frå starten: F.v. Olaug Fagerland, Rakel Øyerhamn, Alf Edvin Hovda, Johannes Vandaskog og Astrid Hovda.

Dei var med å utløysa vinden frå vest

16. januar 1986 kom Vestavind ut med si første utgåve. 40 år seinare møter me ein del av initiativtakarane for å minnast oppstarten og dela tankar om utviklinga som har vore.

Publisert Sist oppdatert

Vestavind gjennom 40 år

Vestavind er 40 år i 2026, og i ein serie artiklar vil me gjennom dette året fortelja avisa si historie og presentera ein del av dei personane som i ulike roller og til ulike tider har vore med på å prega utviklinga.

Alf Edvin Hovda, Olaug Fagerland, Rakel Øyerhamn, Astrid Hovda og Johannes Vandaskog møter oss i Skulehuset på Bua. Nils Lokna er også invitert, men hadde ikkje høve til å møta. To andre namn blir også nemnde: Liv Rysjedal Bua og Johannes Lønning. Dei har begge gått bort.

Initiativ frå Bua

Det var altså på Bua det heile starta. Og idéen kom frå Alf Edvin Hovda, minner fleire i gruppa om. Hovda stadfestar dette og fortel at han fremja tanken om ei lokalavis gjennom Buavåg Utbyggingsselskap, som eksisterte den gongen. Dette selskapet var elles etablert for å leggja til rette for næringsutbygging ved ferjekaien. Hovda var medeigar i selskapet og dreiv også butikken i Buavåg.

– Eitt av føremåla med ei eventuell avis skulle vera å sikra eit annonseorgan for butikken.  Men det var også eit mål å samla kommunen og fremja meir samhald mellom bygdene. Det trur eg også Vestavind har medverka til, seier Hovda.

Tanken om å starta lokalavis for Sveio var elles ikkje ny.

– Fleire hadde teke til orde for dette før, mellom anna far min, fortel Astrid Hovda.

Far hennar var Sigurd Tveit, som i mange år hadde vore bidragsytar til Haugesunds Avis og også samla bygdehistorie som etter kvart kom ut i bokform.

Alt på dugnad

Ungdomslaget på Bua støtta også forslaget om lokalavis. Fleire av dei som engasjerte seg i første fase, var knytte til ungdomslaget sitt nettverk. Det første som skjedde etter at Hovda gjennom utbyggingsselskapet hadde lansert idéen sin, var at det blei sett ned ei planleggingsgruppe der Astrid Hovda, Liv Rysjedal Bua, Alf Edvin Hovda og Johannes Lønning blei med.

Johannes Vandaskog, Rakel Øyerhamn, Olaug Fagerland og Alf Edvin Hovda framfor brakka i Buavåg der Vestavind-redaksjonen hadde kontorlokale frå starten og i fleire år framover. Brakka til høyrde den gongen Fjordplan AS. Bygget er no privateigd og blir brukt til fritidsføremål.

Då vedtaket om å starta avisproduksjon var gjort, blei det etablert ei redaksjonsgruppe der Liv Rysjedal Bua, Nils Lokna, Astrid Hovda, Kristbjørn Rossehaug og Johannes Vandaskog var med. Olaug Fagerland blei engasjert som annonseseljar. Johannes Lønning og Rakel Øyerhamn hadde ansvar for distribusjon.

Alt arbeid blei gjort på dugnad. Ein dag i veka samlast me i ei brakke som først sto bak butikken, men seinare blei flytta ned til kaien. Der skreiv me all teksten på maskin. Avisa var på fire sider i A4-format, utan bilde, fortel Astrid Hovda.

Engrosfirmaet Asko, som var leverandør til butikken i Buavåg, påtok seg å kopiera avisa i Stavanger.

– Eg henta desse kopiane på Kvala. Dei var i A3-format, og borna mine blei engasjerte til å bretta dei for hand før utsending, fortel Øyerhamn.

Nokre gonger hadde avisa også seks sider. Då var det eit laust A4-ark som blei lagt inni, hugsar ho. Avisa blei distribuert til alle husstandar i Sveio gjennom Posten. Utgiftene, som omfatta kopiering og porto, blei dekka av annonseinntektene. Husleige hadde dei ikkje.

Mest frå sør i starten

– Målet var å fortelja om det som skjedde i Sveio, men me hadde aldri noko mål om å konkurrera med Haugesunds Avis. Me dekka heller ikkje politiske møte i kommunen, fortel Astrid Hovda.

Ho legg også til at dei tidleg knytte til seg kontaktpersonar i alle krinsar og hadde som mål å dekka heile Sveio. Men det var ikkje lett å aktivisera desse meldarane, medgjer ho.

– Me hadde nok mest stoff frå Bua og Vandaskog krinsar og litt frå Sveio, seier Johannes Vandaskog.

Bidragsytarar med faste spalter var frå starten Sigurd Tveit og Nils Lokna. Lokna si spalte handla om gardsnamn i Sveio.

Olaug Fagerland, Johannes Vandaskog, Alf Edvin Hovda, Rakel Øyerhamn og Astrid Hovda viser fram dei aller første utgåvene av Vestavind.

Namnet Vestavind var med frå starten, utan at nokon av initiativtakarane hugsar kven som først kom med forslaget eller kven som teikna den første logoen. Meininga med namnet var å fortelja at dette handla om eit initiativ frå vest, frå Bua-krinsen. Dette utløyste ein viss debatt då den dugnadsdrivne amatøravisa etter kvart blei profesjonalisert. Kritikarane meinte Vestavind-namnet knytte avisa for mykje opp mot Bua i forhold til resten av kommunen.

– Andre kjedelege namneforslag som Sveio-Avisa blei lanserte, fortel Astrid Hovda.

Sveio-Nytt er også eit alternativ som er nemnt i arbeidsdokument i samband med etablering av det nye aksjeselskapet.

Pionerane på Bua meiner Vestavind-namnet blei bra ved at det fekk ein undertittel: Bygdeblad for Sveio. Helga Reinertsen på Tjernagel får æra for dette forslaget.

Dugnadsgjengen på Bua heldt det gåande i eitt og eit halvt år, men såg etter kvart at  det var nødvendig med etablering av utgjevarselskap og fast tilsett redaktør om avisa skulle ha ei framtid.

Då dette var på plass, var jobben vår gjort, seier dei fleste avisentusiastane me møter i Skulehuset.

Etterlyser kritisk journalistikk

Berre Astrid Hovda heldt fram som medlem av styret i det nye selskapet. Ho har også med jamne mellomrom vore bidragsytar i spaltene, og fortel at ho har ei samling som omfattar alle Vestavind sine utgåver frå starten og fram til i dag.

– Vestavind har kome for å bli, konstaterer ho i dag 40 år etter starten.

Gruppa er stort sett nøgd med avisa slik ho framstår på nett og papir i dag, men Øyerhamn og Vandaskog får tilslutnad frå fleire når luftar ei innvending.

– Før var all teksten på nynorsk. No er mange av sakene i Vestavind skrivne på bokmål. Bokmål er ikkje sveiomål, seier dei.

Alf Edvin Hovda er meir pragmatisk og meiner det viktigaste er at avisa eksisterer.

Johannes Vandaskog har også ei anna utfordring til 40-årsjubilanten:

– Eg saknar meir kritisk journalistikk, seier han.

Powered by Labrador CMS