Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Ferskvare frå Bjelland
Skal det vera ei Purpur? Nobel? Normanna? Eller kanskje ei fjelledelgran?Denne saka var på trykk i Vestavind 8. desember 2005.
Under vignetten SVEIBU finn du sjølvsagt ein juletreselgar denne veka. Han er 14 år og bur på Bjelland. Nyhogde juletre ligg i oppkjørselen, og plantefeltet bak huset er klart til hogging.
Sveinung Bjelland har vore med faren Svein Olaf Bjelland og seld juletre i Haugesund sidan han var ni år– nå startar han opp for seg sjølv, med eige juletreutsal i Sveio sentrum. Planen er å forsyna flest i Sveio med edelgran av ulikt slag, sikagran, norsk gran eller gjerne ei furu for dei som måtte ynskja det.
– Kva eg skal bruka pengane på? Sveinung smiler lurt. – Setja litt i banken, og bruka resten på å kjøpa dei tinga eg ynskjer meg, men som eg ikkje får til jul.
I fjor hadde familien Bjelland på Bjelland fem juletre i huset. Klarar han å få andre til å fylla huset med like mange, lovar det godt.
– Var det ikkje fire me hadde då? spør Sveinung.
– Nei, det var fem, rettar Olav (9). – Me hadde jo eit i trappa også.
Dei kjem frå ein familie med lange tradisjonar for juletresal. Oldefaren deira begynte å planta juletre for sal, sidan har dei neste generasjonane følgt opp. Edelgranene like bak huset blei planta året før Olav blei fødd – i år er dei klar til hogst.
– Det beste med å kjøpa lokale juletre er at du får ferskvare, meiner Svein Olaf Bjelland. – Danskane begynte hogginga i oktober-november, noko dei er fint nøydd til nå dei skal ta ned ein million tre. Me kan hogga nå.
Olav sin favoritt er Normanna edelgran. Den er grønnast, tettast og liknar nesten litt på juletreet til Donald Duck.
– Smaken er så forskjellig, det nyttar ikkje diskutera smak, meiner Svein Olaf. – Folk er opptatt av å halda på tradisjonane. Har dei alltid hatt norsk gran, vil dei ha norsk gran. Har dei hatt ei skjeiv lita furu, vil dei ha det kvart år. Me prøver å ha noko for ein kvar smak. Sikagrana er for eksempel til dei som likar å pynta juletreet med levande lys. Sikagrana har så stive greiner, forklarer han.
Frå 16. desember finn du Sveinung utanføre Kiwi. Han reknar med å ha seld unna alt saman til vesle julafta. Då tar han i alle fall jul sjølv.
– Lokalt dyrka juletre til First Price, sånn ville dei kanskje sagt det på Kiwi.