nyhende
Ole Daniel Eidsvåg har samla på Vestavind sidan starten:
Trufast lesar med eige avisarkiv
Ole Daniel Eidsvåg (87) på Tittelsnes må vera ein av Vestavind sine mest trufaste lesarar gjennom tidene.
Han har vore abonnent sidan starten og finlese avisene som har kome i postkassen hans torsdag etter torsdag i heile 40-årsperioden. Ikkje nok med det, han har også arkivert kvar einaste utgåve av lokalavisa fram til dags dato. No lurer han litt på om nokon vil vera interessert i å overta denne samlinga.
Kystlaget interessert
– Når eg er borte vil desse avisene truleg hamna på bålet om dei ikkje blir tekne hand om av nokon som ser den kulturhistoriske verdien dette arkivet har, seier Eidsvåg.
Han har alt tatt opp spørsmålet med Vestavind sin redaktør. No undrast han om Sveio Kystlag eller andre organisasjonar eller institusjonar kan vera aktuelle arvtakarar til arkivet.
– Eg kan stadfesta at dette absolutt er av interessse for Sveio Kystlag, seier styreleiar Kristian Watne i ein kort kommentar etter at Vestavind formidla Eidsvåg sitt spørsmål vidare til kystlagsstyret.
Samfunnsengasjert
Eidsvåg si interesse for lokalavisa har utan tvil samanheng med det sterke samfunnsengasjementet hans, eit engasjement som mellom anna førte han inn i lokalpolitikken. Han blei valt inn i kommunestyret første gong hausten 1971 og har til saman tre periodar bak seg som folkevald Først representere han det som den gongen blei kalla Bygdeliste nord, seinare Senterpartiet.
– Samferdsel var den saka eg interesserte meg mest for i politikken, fortel han.
Utbygginga av det som den gongen heitte Rv. 14, no E39, gjekk føre seg i denne tida, og kommunen var inne i bildet mellom anna når det gjaldt val av trasé.
– Nordover frå Austvik og Bårvågvatnet gjekk eg inn for ein trasé lengre aust, bak Vihovde og Husafjellet. Men fleirtalet såg ikkje for seg den store trafikkauken som skulle koma, ikkje minst tungtrafikken. Dei ville difor ha vegen tettast mogleg på busetnaden. Forslaget mitt fekk berre sju røyster i kommunestyret, fortel Eidsvåg.
Han har engasjert seg mindre i trasévalet for den nye firefeltsvegen som no er under planlegging.
– Eg var rett nok til stades som tilhøyrar på det første folkemøtet i Førde og har også sendt ein uttale til planleggingsleiar Henry Damman i Statens vegvesen, fortel han.
Støtte frå første dag
Eidsvåg var aldri involvert i arbeidet med å starta lokalavis, men han støtta initiativet frå første dag.
– Eg kjende initiativtakarane i Buavåg og visste at saka var i gode hender, seier Eidsvåg, som også gav full støtte til at Sveio kommune skulle gå inn med ein større aksjepost i avisselskapet.
Eidsvåg har også laga seg ei liste over alle som har vore redaktørar i Vestavind, og fortel at han har hatt kontakt med dei feste. Av og til har han kome med tips, andre gonger skrive lesarinnlegg. Han har også blitt intervjua i samband med eiga næringsverksemd.
– Eg synest Vestavind har hatt ei god utvikling og dekkar kommunen på ein god måte. No er avisa blitt mest for innhaldsrik. Med fleire sider tek kvar utgåve meir plass i arkivet mitt, seier han smilande.
Frå tid til annan høyrer han nokon i den nordlege delen av kommunen som klagar over at Vestavind har for mykje stoff frå den sørlege delen av kommunen og for lite frå nord. Denne kritikken deler han ikkje
– Det skjer for lite her nord, difor er det mindre å skriva om her, seier han.
Bonde og utbyggar
Eidsvåg bur framleis i huset som også var barndomsheimen hans. Han overtok garden i 1960 og har med åra restaurert og bygt nytt, dyrka opp 100 mål jord og bygt tre-fire kilometer skogsvegar.
Ved sida av gardsdrifta har han også hatt anna arbeid. Yrkeslivet starta på skipsbyggeriet Tittelsnes Mekaniske Verksted, men etter kort tid, og etter råd frå ein av leiarane hans ved verftet, gjekk ferda vidare til elektrikarutdanning ved Rubbestadneset yrkesskule.
I ti år arbeidde han deretter i elektrikarfirmaet Staveland, som mellom anna hadde store oppdrag i samband med utbygginga av byggefelta Krossleite og Fjellstad. Seinare blei det entreprenørverksemd med eigne maskinar. Sidan 1999 har han vore oppteken av å utvikla eit hyttefelt.
– Eg kom for seint i gang med dette arbeidet og er enno ikkje heilt i mål. Det er vanskelegare å selja hyttetomter no enn før, seier han.