frå papirarkivet

– Etter å ha vore på intervju både i Sveio og Karmøy, var eg ikkje i tvil. Det som gjorde utslaget var at i Sveio fekk eg vera med på så mykje meir. Magekjensla var god, og det har vedvart, påpeikar Kristoffer Ervesvåg, som for tida er lærling på Sveio Omsorgssenter.
– Etter å ha vore på intervju både i Sveio og Karmøy, var eg ikkje i tvil. Det som gjorde utslaget var at i Sveio fekk eg vera med på så mykje meir. Magekjensla var god, og det har vedvart, påpeikar Kristoffer Ervesvåg, som for tida er lærling på Sveio Omsorgssenter.

Følgjer draumen, ikkje straumen

– Ja, jobben inneber å hjelpa folk på toalettet! Men å vera helsefagarbeidar er noko mykje meir enn det. Kjem du først inn på ei avdeling, opplever heilskapen, er med og skapar ein god dag for alle som bur der, – då veit iallfall eg at eg har gjort eit rett yrkesval.Denne saka var på trykk i Vestavind 25. januar 2018.

Publisert Sist oppdatert

Då Kristoffer Ervesvåg byrja som lærling som helsefagarbeidar på Sveio Omsorgssenter i juli i fjor, hadde han bak seg Vg1 og Vg2 på Karmsund videregåande. Om halvtanna år har han gode utsikter til å stå med fagbrevet i handa.

– Eg kan trygt anbefala denne utdanninga til andre, seier karmøybuen som har røter i Sveio.

– Farfaren min er oppvaksen ved Ervesvågen, derav slektsnamnet. Far min var yngst i søskenflokken og flytta til Vikse. Han trefte mor mi og dei flytta til Vormedal, der vaks eg opp. Han er litt flau over dette, far min, – for det er ingen sveibuar som flyttar lengre sør enn Haugesund, seier Kristoffer og ler.

Til liks med mange andre var også Kristoffer usikker på kva han skulle bli. Valet fall til slutt på helse, der var det mange moglegheiter, og ikkje minst betyr det at han får gjera noko positivt for andre.

– Eg synest både gutar og jenter bør prøva å steppa ut av si eiga rolle og ha hovudfokus på å tenkja på andre utanom seg sjølv, seier lærlingen.

Variert arbeid

I løpet av læretida får karmøybuen arbeida med både eldre og yngre. Han starta på Vestbakken der han er no, og fortel han skal snart over på Utsikten, før han skal gjera seg kjent med dei som bur på Sørbakken. På slutten av læretida skal han over på Miljø og mestringtenesta i kommunen.

– Innkøyringa på senteret har gått fint, fortel lærlingen, som skryt over den gode rettleiinga han får.

– Korleis ser ein arbeidsdag ut for deg?

– Eg følgjer same turnus som rettleiaren min, Hilde Danielsen, og jobbar dag og kveld. Ei jobb-økt startar gjerne på vaktrommet der eg pratar med kollegaene mine, og les meg opp på kva som har skjedd medan eg har vore borte.

Av bebuarane er det alltid nokon som treng litt meir hjelp enn andre, behovet varierer frå dag til dag, og så er eg alltid med og lagar til felles frukost. Etterpå er det rydding, og eg hjelper folk tilbake til stova, eller følgjer dei tilbake til romma sine. Etter ei helg er det oftast stort behov for påfyll av forskjellige ting på romma, me har blant anna eit stort forbruk av handkle her på huset. Elles går det slag i slag med ulike aktivitetar, i tillegg til mat og drikke, og mykje omsorg for dei eldre. Å skriva rapportar er også ein del av læreprosessen.

– Etter å ha vore på intervju både i Sveio og Karmøy, var eg ikkje i tvil. Det som gjorde utslaget var at i Sveio fekk eg vera med på så mykje meir. Magekjensla var god, og det har vedvart, påpeikar Kristoffer Ervesvåg, som for tida er lærling på Sveio Omsorgssenter.

Får mykje tilbake

Kristoffer likar godt å prata med bebuarane på huset. Korleis var det i Sveio før i tida? Det har han byrja å danna seg eit bilete av no. Blant anna har han blitt fortalt at før i tida var det eit mykje strengare kristenliv, og at ungdomane var mykje meir ute i frisk luft enn dei er i dag.

– Svært ofte blir det påpeika at eg er stor og sterk, og eg har fått kommentarar som at «så bra det er nettopp du som kjem». Det er sjølvsagt kjekt å høyra. Det er slike små gleder ein får når ein jobbar på ein plass som dette.

Kristoffer meiner jobben på omsorgssenteret har gjeve han større innsikt, både når det gjeld han sjølv og dei han steller for.

– Arbeidsdagane gir mykje glede, det er fint å stilla opp for andre!

Ut og studera

– Kva gjer du på om fem år?

– Eg satsar på fleire utdanningar for å få breiare kompetanse. Går alt etter planen er eg i Danmark og studerer fysioterapi og manuellmotivator, og eventuelt litt psykologi i tillegg. Eg har også lyst å studera manuellterapi, så det kan godt tenkast at eg er i Australia på den tida, smiler Kristoffer.

I omsorgssyrket er det «uniformsplikt», men i fritida, ja, då er 18-åringen oppteken av korleis han tek seg ut, akkurat som ungdomar flest. Ifølgje eige utsegn er han ofte ute og shoppar klede saman med venner, han er også mykje saman med familien.

Førarkort fekk han ei veke etter 18-årsdagen i august i fjor. Turen til Sveio går med eigen bil.

Mykje latter

Friske pianorytmer når inn til oss der me sit. Det er alltid mykje som skjer på huset, kan Kristoffer fortelja, og akkurat no er det Liv Våge som spelar opp til sangstund i daglegstova. Tilbodet er svært populært.

På huset har dei også ein elektrisk sykkel, med plass til tre. Kristoffer tykker det er kjekt å invitera bebuarane med på sykkeltur rundt i nærmiljøet.

– Har du lært nokre typiske Sveio-uttrykk?

– Ja, mange, og rett ofte står eg som eit spørsmålsteikn. Mange av dei eldre blir overraska når eg seier eg aldri har høyrt det eller det uttrykket før. Ja, det er mykje latter, og svært mykje intern humor her på huset, smiler omsorgsarbeidaren.

Powered by Labrador CMS