Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Nærast på Sveio i 40 år
Fredag 16. januar fyller Vestavind 40 år. Frå starten i Bua til dagens lokale i Sveio sentrum har Vestavind sett sveibuen og lokalsamfunnet i sentrum. Det skal feirast med ope hus og jubileumskake.
– Eg synest det er veldig stas at Sveio har hatt ei lokalavis i 40 år. Det blei lagt ned ein flott innsats for å starta avisa den gongen, og me har mange abonnentar som har vore med oss heilt frå starten, seier dagleg leiar Susanne Lie Vallestad, som har vore tilsett sidan 2019.
Ho får støtte frå kollegaen sin, Ellen Marie Hagevik, som sidan mars 2023 har vore redaktør for andre gong.
Redaktørstyrt avis
– Vestavind er viktig for sveibuane og lokalsamfunnet. Det blir stadig meir viktig å vera ei motvekt til all slags informasjon som kjem via sosiale medium og meir eller mindre useriøse nettstadar. Som redaktørstyrt medium står me ansvarleg for at det som kjem på trykk er både rett og sant, påpeikar Hagevik.
Og på dagen 40 år etter at første utgåve av avisa kom på trykk, ønsker dei to å markera på skikkeleg vis.
– Det er viktig å feira milepælar, og på sjølve jublieumsdagen 16. januar tar me oss tid til bursdagsfeiring med kakefest. Då er alle velkomne innom Vestavind-kontoret frå lunsj og utover. Denne vekas avis inneheld også oppstarten på ein serie om Vestavind frå 1986 til i dag, og me vil etter kvart by på ulike former av markeringar, fortset redaktøren.
Timinga kunne knapt vore betre
Blant dei største hendingane dei to har vore med på, er dei sams.
– I februar 2020 blei eg hyra inn for 14 dagar som journalistvikar. Dei dagane blei utvida, og eg fekk vera med då Vestavind endeleg fekk nettavis 5. mars 2020, mimrar redaktøren.
Berre ei veke seinare kom pandemien og landet stengde ned 12. mars.
– Eg hugsar veldig godt då covid braut ut. Nettavisa kunne ikkje ha blitt «tima» betre. Med stengde barnehagar og heimekontor blei det ei krevjande tid, men saman fekk me det til, fortel Lie Vallestad.
– Me fekk ikkje treffa folk, det var ingen aktivitetar og behovet for informasjon var stort. Då fekk me verkeleg vist kor viktig lokalavisa er når samfunnet står i store utfordringar, legg Hagevik til, som då gjekk frå å vera journalistvikar til å bli redaktørvikar.
Frå barndomsminne til nye steg
Medan redaktøren fekk eit brått første møte med dei store hendingane i avisa, har Vestavind vore ein fast del av livet til den daglege leiaren heilt sidan barndomen på Vikse.
– Vestavind har «alltid» vore der og følgt meg gjennom barndom, ungdomstid og vaksenliv. Eg møtte avisa mellom anna 17. mai, på fotballcup og på skulearrangement, seier Lie Vallestad.
No ser dei begge framover. I samband med jubileet går Vestavind over til nye system for nettavis og abonnement.
– Det vil gi lesarar og annonsekundar eit meir framtidsretta og betre produkt enn me har i dag, seier dei.
Samstundes held avisa fram i eit nytt inovasjonsprosjekt via Landslaget for lokalaviser. Vestavind er hovudsøkjar, og saman med rundt ti andre lokalaviser har dei fått 1,2 millionar kroner til å utvikla meir relevant journalistikk basert på brukarinnsikt.
Stødig grunnlag for vegen vidare
– Det gler meg stort at mange sveibuar framleis set pris på Vestavind. Vårt viktigste oppdrag er å spegla det som skjer i kommunen. Både smått og stort. Kjekke saker og alvorlege saker. Og det skjer mykje kvar einaste dag, seier Hagevik.
– I bransjen generelt er annonsekronene på veg ned, men me har vore heldige. Som lokalavis har me ein unik posisjon der ein når fram til sveibuen. Vestavind står stødig, og me har abonnentar som set stor pris på oss, avsluttar Lie Vallestad.
Dei ønsker begge å takka abonnentar, annonsekundar, tipsarar og andre som bidreg til at Vestavind har vore og vil halda fram med å vera ein viktig møteplass for lokalsamfunnet i Sveio i tida som kjem.