frå papirarkivet

Inspirert av naturen:

Jul på fyret

Mose, kongler, nyper og lavkledde kvister. I skogen, langs stranda og i hagen finst små og store skattar som kan bli til fine dekorasjonar. Denne saka var på trykk i Vestavind 10. desember 2015.

Publisert Sist oppdatert

Randi Pedersen er glad i å laga dekorasjonar av naturmateriale og gjenbruksting, og når ho først har fått det i hus, er det berre fantasien som set stoppar for kva det kan brukast til.

– Til og med eingongsgrillar kan brukast om igjen, smiler Randi. Med ei saks klipper ho ut eit hjarte i grillrista, fyller på med mose, tett i tett, og toppar det med nyper tredd på streng. Resultatet er både smakfullt, og ikkje minst enkelt.

– Det er nesten ikkje grenser for kor mykje fint ein kan laga av mose og lav. Det same med unge bjørkegreiner, seier Randi. Me møter henne i atelieet på Ryvarden der ho for anledningen har fylt opp rommet med ting ho har henta frå naturen.

På Ryvarden kulturfyr er det ingen påtrengande jul å spora sjølv ikkje midt i julebordsesongen. Randi Pedersen (bildet) har pynta treeet med skjel frå inn- og utland, skjel som ho og arbeidskollegane har teke med seg frå ferieturar.

Med yrkesbakgrunn i interiør- og dekoratøryrke, pluss jobb i utebarnehage i mange år, er ho nærmast dedikert til oppgåva som ligg framfor henne: Eit trent auga for det kreative, og hardhaus nok til nå trassa vinterkulda når ho legg ut på nye skattejaktturar.

Bjørkegreiner, ledlys og englekor i keramikk gir julestemning i galleri-kaféen.

Som kafévert og ansvarleg for galleributikken på Ryvarden kulturfyr, får ho bruka heile seg. Ting som har stått i kjellaren og løa i fleire tiår, har igjen blitt dratt fram i lyset. Fordi dei fortener å stå framme.

– Eg er nok ein skrotnisse, medgir Randi som er busett i Kopervik.

Lysmagi

Bølgene bryt langsamt og monotont mot land. Landskapet gjer inntrykk, det er noko med plassen. Her kjem ein tett på havet og naturkreftene, og etter dagvis med regn, er skylaget endeleg i ferd med å sprekka opp. Kransen som Randi har hengt i taket inne på atelieet glødar, trådane av saueull dansar som snøballar i det magiske vinterlyset.

– Verdas enklaste kransebinding er å bruka bjørkegreinar. Unge skot er lettast å bøya, og blir til små og store kransar eller hjarte, tipsar dekoratøren.

Krans er lett å laga. Bruk til dømes unge bjørkegreiner, tvinn til du er nøgd, festa eventuelt med vikletråd eller streng. Du kan også bruka vivendel eller seljegreiner, eller anna materiale du kan bøya og tøya. Så er det berre å fylla på med det du har for handa.

Ho er veldig glad i mose, men tek aldri mykje på ein plass, fordi mosen brukar lang tid å etablera seg på nytt. Det same med blåbærris og tyttebær. Juleroser og sviblar er andre favorittar. Og store nellikblomar, gjerne i kombinasjon med mose.

Krans med trådar av saueull heng frå taket i atelieet. Under historiske effekter frå ramsalte hav.

Auga som ser

– Kva skal me sjå etter på tur?

– Du skal ha eit auga for det, men det er ei treningssak å oppdaga ting som høver i dekorasjonar.

Personleg er ho glad i brake, kongler, lerkegreiner, mosegrodde greiner. Blåbær- og tyttebærris.

I tillegg til alt som eldast med verdig-heit. Men også her er regelen, det som er søppel for nokre, er skattar for andre.

Levande lys høyrer mørketida til, i tillegg er fyrhistoria fletta inn med innslag av eit gamalt parafinspann med tilhøyrande trakt.

Lys og varme

Levande lys er også viktig på mørke vinterkveldar. Randi brukar mykje lykter, lysslynger og levande lys. Det er stor glede med å laga noko sjølv, og det enkle er ofte det finaste.

Sjølv likar ho kvitpynta juletre med litt nytt og litt arva julepynt. Men mest av alt er ho oppteken av at jula skal vera kos.

– Eg likar best førjulstida, den tida før alt blir eit mas, noko eg synes det lett kan bli. Å vera saman med dei me er glad i er det viktigaste, seier Randi Pedersen.

Powered by Labrador CMS