meiningar

Vegvesenet anbefaler alternativ 2 (blå strek) som trasè for ny E39. Kart: Statens vegvesen

Kvifor ikkje legge vegen der den ikkje riv opp det som alt eksisterer?

«Her på berget» er eit gamalt utrykk og karakteristisk for Noreg og for nordre del av Sveio. Landskapet er steinete og kuppert med små og store fjell. Den høgaste fjelltoppen i kommunen, Trollavassnipen, ligg her nord. Han er 432 meter høg. Kulturlandskapet, dyrka mark og skog er klemt inn mellom fjell og sjø her på den smale nordspissen av «Sveiohalvøya». Prosenten dyrka mark er liten og desto meir verdfull. Dette ikkje minst med tanke på at sjølforsyningsprosenten er svært låg i Noreg. 

Vihovda:

På Vihovda vil den planlagde vegen slette ut noverande E39 og hindre at han kan nyttast samanhengande til gjennomfart for lokaltrafikk. Den gamle «kjerrevegen» som det på tegningen ser ut til at skal ta over, vil ikkje vere brukande til det trafikkgrunnlaget det er trong for her. Den manglar breidde, to bilar slit med å passere samstundes. 

Vegen høver ikkje for framtida og all lokaltrafikken han då skal svelge unna. Skal han utbetrast krev det mykje dyrka mark frå bøndene som driv i området og som satsar stort på drift i framtida. Dessutan er garden avhengig av denne vegen til driftsføremål – mellom anna må kyr flyttas, til fots på vegen i sommarhalvåret – noko som kjem til å redusere funksjonaliten for bil og buss. I nordre del av kommunen er det berre tre mjølkebønder att, og framtida ser lys ut for desse med tanke på framtidig drift. Det er viktig å skåne desse for tap av areal og driftsvanskar. 

Ulveraker:

På Ulveraker – nærare Bømlafjordtunnelen – ligg det og an til at mykje jordbrukslandskap bli råka av firefeltsvegen og ny rundkjøring. Dette kan ein unngå ved å flytte tunnel og veg austover, juster noverande rundkjøring og heller nytte areal ved Haraldsplass. 

Her vil og kuturlandskapet, husa og naturen få varige mein og bli utsletta. Ei gamal verneverdig stove frå midten av 1800-talet kjem til å bli råka pluss mange våningshus, i alt fire. Dette skjer viss ein legg ein open vegtrasé frå planlagd opning i Husafjellet og nord til Bømlafjordtunnelen.

Bortimot ein «firefelts hjortasti» kjem ned i eit ope felt i natur/kulturlandskapet like ved den tenkte tunnelopninga. Sjølv om hjorten ikkje er ein truga dyreart, så er det bra å legge til rette for å unngå konflikt. Statens vegvesen kan spare seg for ekstra dyreovergangar ved å lage ein litt lenge tunnel til aust. Minner om at på Hardangervidda er det, i store område nå, sett ein stoppar for ferdsle til fots eller på ski, på grunn av at slektningen til hjorten, reinsdyret, skal trivast. 

På Ulveraker, i forlenginga av området der bustadhusa er tenkt sletta, ligg to gode drikkevasskjelder. Dei har solide lokk og er bygde på midten av 1960-talet. Desse dekka vassforsyninga til fire småbruk opp til 1980-talet. I dag er desse kjeldene framleis oppegåande og i bruk, og dei er viktige å ta vare på i bygda, også med tanke på beredskap. 

Valestrand kyrkje, no også kulturkyrkje, ligg nær den nye vegen. Kyrkja inneheld eit minneorgel for komponisten Fartein Valen. Dette innebar eit stort økonomisk og kulturelt løft i denne del av kommunen. Eit eige bygg for komponisten såg ikkje kommunen seg råd til, så den gamle sveitservillaen han budde i og orgelet i kyrkja, er det me har å vise fram til kulturinteresserte frå heile verda. Det er no planar om å gi orgelet det siste løftet slik at alle manualane kan nyttast. God skjerming kan hjelpe, men tunnel er absolutt å foretrekke av omsyn til dette også.

Tunnel: 

Både for Vihovde og for Ulveraker sin del vil det vere ei stor føremon at vegen blir flytta lenger aust. Dersom han tek til ved Avlesset, der det i dag står to tilstivna anleggsmaskinar, kan den etter mitt skjøn, gå open til bortimot på høgde med planlagd hol i Husafjellet. Ein tunnel kan då halda fram litt lenger enn Husafjell-tunnelen og bli opna i god avstand til Haraldsplass og Bømlafjordtunnelen. Skulle det bli behov for dispensasjon for ein for kort open strekning til tunnelen, så let det seg sikkert ordne, sidan Bømlafjodtunnelen alt lever med dispensasjon.

Ynskjer at kommunen og Statens vegvesen saman vil gå inn for å gjere nordre del av kommunen tiltalande å bu i, legge til rette for framleis jordbruk, gode butilhøve og komunikasjon mellom bygdene. Avfolking er alt eit problem. Kvifor ikkje legge vegen der den ikkje riv opp det som alt eksisterer, og dermed gjere nordre del meir attraktiv i og med enkel og rask adgang til større sentra?

Sigmund Skard, Valevåg

Powered by Labrador CMS