nyhende

Vestavind sin første redaktør ser tilbake:

Tatt imot med opne armar

– Sveibuane tok imot meg og Vestavind på ein heilt fantastisk måte. Dei var patriotiske og trivelege. Dei ville bygdebladet sitt vel og medverka til at eg har gode minne frå den tida, seier Eva Marie Sternhoff (61).

Publisert Sist oppdatert

Vestavind gjennom 40 år

Vestavind er 40 år i 2026, og i ein serie artiklar vil me gjennom dette året fortelja avisa si historie og presentera ein del av dei personane som i ulike roller og til ulike tider har vore med på å prega utviklinga.

Dei var med å utløysa vinden frå vest

/*! This file is auto-generated */!function(d,l){"use strict";l.querySelector&&d.addEventListener&&"undefined"!=typeof URL&&(d.wp=d.wp||{},d.wp.receiveEmbedMessage||(d.wp.receiveEmbedMessage=function(e){var t=e.data;if((t||t.secret||t.message||t.value)&&!/[^a-zA-Z0-9]/.test(t.secret)){for(var s,r,n,a=l.querySelectorAll('iframe[data-secret="'+t.secret+'"]'),o=l.querySelectorAll('blockquote[data-secret="'+t.secret+'"]'),c=new RegExp("^https?:$","i"),i=0;i

Då Vestavind tok steget frå amatørprosjekt til profesjonell avis i 1987, blei 22-åringen Sternhoff tilsett som første redaktør og daglege leiar. Med seg på laget fekk ho annonsekonsulent Brith Inger Engan.

Kontorlokalet var framleis brakka i Buavåg, plassert ved arkitektfirmaet Fjordplan AS sitt bygg der huset enno står. I Fjordplan-bygget heldt også eit rekneskapskontor til, og vestavinddamene hadde mykje kontakt med dei tilsette i desse to selskapa. Mellom anna hadde dei lunsjpause saman.

Mange faste gjester

Mange andre stakk også innom det vesle avishuset. Nokre blei etter kvart for stamgjester å rekna. Landpostbod Harald Storstein var for eksempel ein dagleg gjest når han var ute på runden sin. Bankbussjåfør Johannes Sæverhagen stakk innom når han hadde stopp i Buavåg. Andre som Sternhoff hugsar godt er Gunnar Arne Økland og Elisabeth Hauge Bakke. Sistnemnde blei også ein viktig bidragsytar til spaltene etter kvart. Ho er som kjent framleis frilansar for avisa.

Då Sternhoff kom til Sveio etter at ho først hadde hatt journalistjobb i Tysvær Bygdeblad og deretter i Karmøybladet. Med ein journalist-pappa i Haugesunds Avis, hadde journalistikk og avisdrift vore ein del av kvardagen hennar i oppveksten. Det opna også tidleg for skrivejobbar og søndagsvakter som assistent for sporten i helgene.

Rekruttert av norsklærar

– Det var Nils Lokna min fantastiske norsklærar på vidaregåande, som fekk meg til å søkja jobben i Vestavind, fortel Sternhoff, som i dag også har mellomnamnet Dirdal.

Han var med i redakjonsgruppa som laga Vestavind på dugnad dei første 15 månadene og oppteken av å få avisdrifta inn i faste og profesjonelle former. Sternhoff var på denne tida arbeidsledig etter konkursen i Karmøybladet.

– Eg kan ikkje hugsa om Lokna kontakta meg eller om eg møtte han tilfeldig. I alle fall fortalte han meg om avisprosjektet i Sveio og tilrådde meg å søkja redaktørstillinga. Det gjorde eg, og fekk jobben, fortel ho.

Slik såg Vestavind ut 27. august 1987.

Sternhoff blei tilsett på vårparten i 1987. Ho brukte tida fram til første avisutgjeving i august til å førebu drifta og inngå nødvendige avtalar.

– Sveio hadde nyleg tilsett Rune Bruket som næringskonsulent på den tida, og han var til stor hjelp både i etableringsfasen og tida etter. Mellom anna var han med på forhandlingar med ulike trykkeri. Frå Tysvær Bygdeblad kjende eg litt til Hardanger Folkeblad sitt trykkeri i Odda. Det var dei som også fekk jobben med å trykka Vestavind.

Viktige medspelarar

Rune Bruket var med på forhandlingar med trykkeriet i Odda.

– Ein gong insisterte han på å dra til Odda åleine. Eg var ung og altfor direkte på den tida, minnest ho med eit smil i dag.

Med nytt datautstyr kunne tekstfilene overførast elektronisk til trykkeriet, men bilete måtte sendast innover med buss frå Haugesund. I ein krok i avisbrakka blei det sett opp eit lite mørkerom der filmar og bilete kunne framkallast og kopierast.

Vestavind si første utgåve etter at Eva Marie Sternhoff blei tilsett som redaktør, kom ut 27. august 1987. Dagen før hadde Haugesunds Avis førstesideoppslag om den nye lokalavisa, med bilde av Sternhoff og annonsekonsulent Brith Inger Engan.

I løpet av sommaren blei Brith Inger Engan tilsett som annonsekonsulent. Annonseinntektene var heilt nødvendige i tillegg til bladpengane dei første åra for å få økonomien til å gå rundt. Pressestøtte hadde ikkje Vestavind tilgang til på den tida.

I folk sin kvardag

– Sjølvsagt dekka eg kommunestyremøta og det som elles skjedde på kommunehuset. Og politikarane var flinke til å bruka lokalavisa si. Elles var eg svært oppteken av å få fram folk og det dei var opptekne av i spaltene. Store konfliktsaker hadde me ikkje i mi tid. Vestavind er nok blitt tøffare seinare, seier Sternhoff.

Før ho blei tilsett som redaktør hadde Sternhoff litt kjennskap til Sveio sidan familien hadde hytte på Liereid. Elles brukte ho mykje tid på å køyra rundt og gjera seg kjent.

Formelt blei ho verande i Vestavind til 1989, men hadde fødselspermisjon den siste tida og sa opp i løpet av permisjonstida. Haugesunds Avis «lånte ut» journalist Per A. Enge til vikar for henne medan ho hadde permisjon. Dette var eitt av fleire eksempel på at Vestavind har hatt praktisk nytte av Haugesunds Avis sitt eigarskap i i avisa.

– Lokalavisene trengst

– Det er fantastisk av Vestavind har klart seg fram til i dag, Med så lite befolkningsgrunnlag og så trang økonomi som avisa hadde i starten. No har jo pressestøtta kome til, og det er bra. Lokalavisene trengst og staten har råd til dei støtteordningane som finst, seier ho.

Etter fødselspermisjonen fekk Sternhoff etter kvart jobb i Haugesunds Avis, der ho både har arbeidd med sport og nyhende. No er ho lærar ved Haugaland videregående skole. Der underviser ho i samfunnskunnskap, engelsk og norsk. Ikkje minst i samfunnskunnskap får ho mykje nytte av erfaringa frå journalistikken.

Powered by Labrador CMS