nyhende

Alf Edvin Hovda stod bak ideen til Vestavind i 1986. Han hadde med seg eit kunstverk som gåve frå alle på Bua for å minna dagens tilsette på kor det starta. I talen uttrykte han at han set pris på arbeidet som er gjort for avisa gjennom åra. Han peika også på at ei av Vestavind sine viktigaste oppgåver er å bidra til samhald i Sveio kommune. Foto: Morten Vågset Møller
Alf Edvin Hovda stod bak ideen til Vestavind i 1986. Han hadde med seg eit kunstverk som gåve frå alle på Bua for å minna dagens tilsette på kor det starta. I talen uttrykte han at han set pris på arbeidet som er gjort for avisa gjennom åra. Han peika også på at ei av Vestavind sine viktigaste oppgåver er å bidra til samhald i Sveio kommune.

Vestavind feira 40 år med kake, kaffi og talar

Fire tiår etter første utgåve kom ut, inviterte Vestavind til jubileumfest i redaksjonslokala fredag. Markeringa vart ei feiring av avisa, og av historia som ligg bak 40 år med lokaljournalistikk.

Publisert Sist oppdatert

Til jubileet på sjølve 40-årsdagen kom både tidlegare medarbeidarar og lesarar som følgjer avisa. Ein heil del av dei hadde vore med sidan starten. Fleire tok ordet og heldt tale, anten for å dele gode historiar frå tidlegare år eller for å understreka kor viktig det er at Sveio har ei lokalavis.

– Torsdagen er noko eige

Ordførar André Mundal Haukås peika på kor fast avisa har vore i kvardagen til mange.

– Torsdagen er noko eige for oss sveibuar. Det er dagen papiravisa til Vestavind kjem ut, og mange har visst at ei ny utgåve med lokale nyhende og historiar ventar i postkassa, sa han.

Samstundes som han rosa arbeidet med nettavisa som kjem med ferske nyhende kvar dag.

Gleda over at avisa har bestått

Eit sentralt innslag under jubileet var då Alf Edvin Hovda, mannen bak ideen om å starte ei lokalavis i Sveio, tok ordet. Han gav uttrykk for stor glede over at avisa har halde fram i 40 år, og løfta fram Vestavind som ein viktig bidragsytar til samhald i Sveio kommune.

I samband med markeringa stod han også for ei overrekking til dagens medarbeidarar, der eit kunstverk av den lokale kunstnaren Johnny Hansen vart gitt som ei helsing og ei påminning om røtene til avisa i Bua.

Kaffiprat og jubileumskake

Lokala var pynta for høvet, og gjestene kom inn på raud løpar. Praten gjekk lett rundt borda mellom kaffikoppar og kakestykke. Jubilleumsdagen vart ei feiring av avisa og av alle som har bidrege til Vestavind gjennom 40 år.

Me i Vestavind takkar for alle helsingar, blomar og gåver!

Sjå bileta frå feiringa:

Dagens styreleiar i Vestavind, Bent Rune Sinnes, heidra alle som har bidrege til avisa opp gjennom åra, og takka særleg dei som sette i gang heile Vestavind-ideen.
For Bjørn Midteide (t.v.), her saman med Egil Johan Lokna, har Vestavind vorte fast inventar sidan han flytta frå Haugesund til Sveio. Det første han fekk beskjed om var å byrja og følgja med i Vestavind då han kom til bygda.
Ordførar i Sveio kommune, André Mundal Haukås, kom også innom or å vera med på markeringa. Han håpa at Vestavind blir verande i minst 40 år til. Med seg hadde han også eit kunstverk i gåve som redaktør Ellen Marie Hagevik tok imot.
Kåre Bua, som var den første styreleiaren i aksjeselskapet, tok seg tid til å bla i arkivet.
Trygve Kinn (t.v.) og Lars Severin Reiersen har begge følgt Vestavind sidan starten, og var tydelege på at dei vil halda fram med det.
Tidlegare Sveio-ordførar, Jorunn Skåden.
Både tidlegare medarbeidarar og lesarar sat samla under 40-årsmarkeringa, der dei bladde i gamle utgåver og prata saman. Frå venstre: Mikal Møller Hovda, Solveig Hovda, Alf Edvin Hovda, Lene Margrethe Midteide Lønning, Bjørn Midteide, Egil Johan Løkna, Kåre Bua og Astrid Hovda.
Jubileumskaka i sentrum.
Frilansar i Vestavind, Elisabeth Hauge Bakke (t.v.), saman med Anitha Ramsdal og Olena Kuzenetzova frå Sveio folkebibliotek var jubileumsdagens siste gjester.
Powered by Labrador CMS