nyhende
Festpynta traktorar spreier glede
I år er det to traktorkortesjar i Sveio. Den første starta tidleg frå kaien i Valevåg. Den andre køyrer frå Ekrene i ettermiddag.
Kortesje frå Vålevåg er det Tobias Sjursen er initiativtakar til. Han fekk med seg ein fin gjeng på turen frå ferjekaien til Valestrand skule, Tittelsnes, Tittelsnes snuplass, Bjørgavegen, Einarøkøandsvei, Liereid og Ørevik med Valestrand kyrkje som siste stopp.
I ettermiddag går startskotet for traktorkortesjen frå Ekrene. Bak denne står Christian Vikse. Dette brukar å vera ein stor kortesje, og her er ruta du kan sjå den:
Etter av avgang frå Ekrene næringspark går turen til Rophus, Vågedalen, inn Tveit, inn til Krossleite, forbi Fjellstad og til Sveio omsorgssenter om lag ein time etter starten frå Ekrene.
Ved omsorgsenteret stoppar kortesjen i ti minuttar før dei køyrer vidare forbi Sveio kyrke, Sveio brannstasjon, Sveioåsen, Sveio skule, Lid skule, Dynjo, Kvalvåg, Våga-kiosken og deretter avsluttar på Haukås.