Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Skulestart for 10 år sidan:
Skuleklare Matias
Han er fem år og nesten heilt klar til 1. klasse, men han har nokre krabbar å dra i land før skuleklokka ringer inn. Matias Helle Eriksen vil nemleg bli fiskar!Saka var på trykk i Vestavind 13. august 2015.
- Namn:Matias Helle Eriksen
- Alder:5 år
- Bustad: Vassli
- Aktuell:Tar til i 1. klasse på Valestrand oppvekstsenter på måndag
- Har lyst å bli: Fiskar
- Likar: Fiska krabbe med pappa, kosa med hunden Whiskey og byggja Lego Chima.
- Ser fram til:Å få lekser, og læra å svømma utan hjelpemiddel.
- Lause tenner:Ikkje enda
- Favorittbok: Geitekillingen som kunne telle til ti
- I matboksen:Skjeva med skinke og sjokolade
Måndag startar eit nytt kapittel for femåringen frå Vassli. Han er ein av 92 førsteklassingar i Sveio dette året, og skal bli kjent med klassekameratar og lærarar. På Valestrand oppvekstsenter er dei sju ferske elevar, som skal gå i lag med 2. klasse. Matias kjenner allereie godt til alfabetet og dei 29 bokstavane, og kan skriva namnet sitt heilt sjølv.
Den siste ferien før skulen har blitt brukt mykje saman med pappa.
– Me har vore på båttur og fiska krabbe. I går fekk me ei flyndre, seier Matias, som stortrivs på sjøen.
Handa i veret
At hus-pus er eit rim veit femåringen, og signalet for å få snakka er innøvd frå Førde barnehage.
– Eg har prøvd gym, gjort lekser, leika og hatt friminutt, kan guten fortelja. Matias har nemleg besøkt skulen på førehand.
Av ting valestrendingen gler seg til, heng det å knekka lesekoden høgt. Då kan han lesa Lego-blad sjølv.
– Eg har ein ekta skulesekk, «gummisekk» og pennal med Ninjago på, smiler skuleguten. Det einaste som gjenstår, er å kjøpa nye klede til skulestart.