nyhende
Klare til kamp: Dette krev budsjettkameratane
I dag møtest finanspolitikarane på raudgrøn side for å starte budsjettforhandlingane på Stortinget. Med på vegen får dei ei påminning frå Jonas Gahr Støre.
– Det blir sikkert krevjande og tidkrevjande, men sånn skal det også vere. Vi er førebudde på det, seier Støre (Ap) til NTB.
Regjeringa la førre veke fram forslaget sitt til revidert nasjonalbudsjett. Arbeidarpartiet med finanspolitisk talskvinne Tuva Moflag i spissen må få med seg støtte frå Senterpartiet, SV, Raudt og MDG for å få fleirtal i Stortinget.
Klokka 14 samla finanspolitikarane seg i statsrådssalen på Stortinget til det første møtet. Partane har frist til 12. juni med å bli samde.
Før oppstarten i forhandlingsrunden finn Støre grunn til å mane til måtehald.
– Eg vil minne om at dette er eit revidert budsjett, ikkje eit nytt budsjett. Det tek vi om nokre månader når vi legg fram budsjettet for 2027, seier han.
Sur stemning
Stemninga har vore anstrengd etter at Sp like før påske braut budsjettavtalen og gjekk med høgresida for å kutte drivstoffavgiftene. MDG bad om eit krisemøte, og partiet meinte at det ikkje var naturleg at Sp fekk gjennomslag for nye krav i revidert-forhandlingane.
sjølv om partia har langa ut mot kvarandre gjennom våren, seier Støre det er godt samarbeidsklima mellom nøkkelpersonar i forhandlingane.
– Stortinget fekk den samansetninga det fekk. Partia som stod bak budsjettet, må jobbe seg saman og vite kva det ansvaret betyr, seier han, og legg til:
– Det å ikkje ha det ansvaret, det betyr å overlate det til ein heilt annan kurs.
Vil løfte byggjenæringa
Senterpartiet har varsla nokre av hovudprioriteringane sine:
- Krisepakke til byggjebransjen.
- Meir til kommunane, sørgje for skule, barnehage og eldreomsorg.
- Tiltak som hjelper folk med kvardagsøkonomien.
– Vi vil ha ein tiltakspakke som sikrar arbeid for desse arbeidsfolka og som får på plass viktige prosjekt over heile Noreg. Vi er også opptekne av at avgiftene må haldast nede for å bremse prisveksten for folk og næringsliv, seier finanspolitisk talsmann Bjørn Arild Gram
SV vil ha tre B-ar:
SV har ifølgje TV 2 varsla at dei vil ha gjennomslag på tre B-ar:
- Bemanning
- Buss
- Bustad
– Det er ikkje trygg styring å sitje på hendene i urolege tider. No trengst det politikk og pengar på bordet for å tryggje folk i kvardagen, styrkje velferda og omstille økonomien. Derfor går vi inn med tydelege krav om betre og billigare kollektivtilbod, auka bemanning og fleire leigebustader for folk, seier finanspolitisk talsperson Marthe Hammer.
Omstilling av norsk økonomi blir eit anna nøkkelpunkt. Krigen i Iran har vist kor sårbare og avhengige vi er av olje, legg Hammer til.
MDG kjempar for månadskort
MDG har gitt uttrykk for at dei ventar kompenserande klimatiltak etter Sps støtte til kutt i drivstoffavgifter, som kosta 5,5 milliardar kroner.
- Satsing på kollektivtransport, nemner spesielt jernbane.
- Vil ha nasjonalt månadskort til 499 kroner. Anslått å koste 3 milliardar kroner.
- Varsla kamp om iskantsona etter at regjeringa kunngjorde nye blokker for oljeleiting.
Finanspolitisk talskvinne Ingrid Liland lèt seg ikkje skremme av formaningar frå Støre. Ho meiner det finst handlingsrom i budsjettet til satsing på kollektivtransport og få fortgang i klimaomstilling.
– Arbeidarpartiet har prioriteringane sine, og vi har våre. Det er Støres ansvar å samle fleirtal for budsjettet, og då må naturlegvis vi også få gjennomslag for politikken vår, seier ho.
Meir i minstesatsar på topp for Raudt
Raudt vart av mange framheva som løysingsorienterte då partia forhandla om budsjett i fjor. Finanspolitisk talsmann Mimir Kristjansson lovar å kjempe konstruktivt, men knallhardt.
- Minstesatsar for pensjonistar, uføre og folk på arbeidsavklaringspengar.
- Tiltak for byggnæringa.
- Meir til sjukehusa for å halde tritt med prisauken.
– Vi må styrkje velferda og kvardagsøkonomien når prisane aukar. Her har ikkje regjeringa levert så langt, men dei neste vekene skal Raudt kjempe for at arbeidsfolk, pensjonistar og uføre får meir å rutte med, seier Kristjansson.