Etter at det hadde vore sommarvarme i dagvis, var det ikkje kjekt å høyra varslinga til meterologane foran nasjonaldagen. Med dagen opprann med betre ver enn frykta, og sjølv om det var kaldt, fekk me sjå ein del til sola mellom korte regnbyger.
Biletet er henta frå Sveio sentrum, der heile søre delen av Sveio var samla for å gå i tog. Toget gjekk til aldersheimen, der ordførar Mikal Møller Hovda hadde tale for dagen. Han helsa dei eldre, desse som har bygd opp landet vårt. Ordføraren sa mellom anna at han godt kan forstå at det er vanskeleg for dei eldre å skjøna at det i dagens vestland-Norge er snakk om kriser.
Toget på Einstadbøvoll er vel dei som har lengst veg å gå, og her er dei fotografert før avmarsj frå skulen.Torfinn Jondahl
Nok eit bilete av toget på Einstadbøvoll. Dette toget var blant dei som fekk ei regnskur på seg, men det såg ikkje til å gå utover humøret.Torfinn Jondahl
Heile søre delen av Sveio fann vegen til Sveio sentrum for å gå i tog. 1.-klassingane ved Sveio skule sang «Ja, vi elsker» og vifta med flagga sine.Vestavind (arkiv)
Musikkorpsa gjer så absolutt sitt til at nasjonaldagen vert ein festdag. Her er Sveio skule- og drillkorps i marsj.Vestavind (arkiv)
Leikar er noko som høyrer 17. mai til. Biletet er frå feiringa på Eikeland skule, der det gjaldt om å slå spikeren både hardt og fort.Elisabeth Jacobsen
Kari Jacobsen hadde talen for nasjonaldagen på Eikeland.Elisabeth Jacobsen