nyhende

Skjoldabuen André Hustoft Nesheim er ein av tre finalistar i The Voice i kveld. Her saman med mentor Ingebjørg Bratland.

Jaktar på nye stemmer til The Voice

I kveld er det finale i årets The Voice der André Hustoft Nesheim frå Skjold i Vindafjord er ein av tre finalistar. Blir det ein sveibu neste år?

Publisert

TV 2 er allereie i gong med å førebu neste sesong, og har mellom anna kontakta lokalaviser for å få hjelp til å finna nye deltakarar.

– Me ser etter sterke, unike songstemmer frå heile landet. Ofte finnest det veldig spennande talent utanfor dei etablerte scenene – i lokalsamfunn, skulemiljø, band, kor eller blant enkeltpersonar som enno ikkke har stått i rampelyset, seier May Britt Strand, som jobbar med castinga til neste sesong.

Tips eller meld deg på sjølv

Har du tips om songarar frå Sveio du meiner fortener ei større scene? Dette kan vera både unge og vaksne, amatører eller meir erfarne utøvarar. Du kan også melda deg på sjølv.

– Me set stor pris på alle innspel, og tar gjerne direkte kontakt med aktuelle kandidatar dersom du formidler kontakt eller tipsar oss om kvar me kan nå dei, seier Strand.

Tips kan sendast til denne adressa (klikk på lenka)

Eller du kan sjølv melda deg på her:

Shortaudition The Voice Norge 2027

Powered by Labrador CMS