frå papirarkivet
26. mai 1988:
Full fart i kassabil
Denne saka var på trykk i Vestavind 26. mai 1988.
På Flatnes gjekk det verkeleg føre seg på sundag! Då arrangerte Lid 4H for tredje gong kassabil-løp frå ein bakketopp på Flatnes. Og då gjekk det unna med dei små bilane og passasjerane deira!
Det var ungdomane i Lid 4H som stod for heile arrangementet, og mange skuelystne hadde funne vegen til Flatnes. Ein heil del av dei fekk og sjå kval-flokken som har halde til i fjorden nedanfor.
Det var ikkje den heilt store deltakinga under årets løp. Berre seks bilar stilte, men dei fleste av dei hadde fleire eigarar, slik at deltakarlista talde 17 sjåførar. Ole Brendalen frå Biltilsynet og lensmannsbetjent Steinar Bygnes sjekka sikkerheten før racet. I tillegg til desse to var og Ketil Prøysen med i juryen.
Lid 4H selde ut alt som var i kiosken, og arrangementet vil nok verta gjentatt neste år. 4H-klubben er glad for at grunneigarane på Flatnes let dei nytta området til arrangementet.
Følgande var med i kassabil-løpet på Flatnes:
- Ottar Brekke
- Stian Nygård
- Kolbjørn Grinde
- Jostein Vandaskog
- Trond Halleraker
- Rita Lie
- Håvard Grinde
- Astrid Lie
- Olaf Brekke
- Bjarte Flatnes
- Oddmund Flatnes
- Bente Lie
- Nils Sigve Åse
- Trond Widar Våga
- Ivar Lie
- Kåre Grinde
- Svein O. Brekke
Vinnarar:
- Ottar Brekke, kl. fart med små hjul
- Olaf Brekke/Trond Halleraker, kl. fantasi/originalitet
- Håvard Grinde, kl. fart med store hjul
- Stian Nygård, kl. fart med tilhengar
- Kolbjørn Grinde, kl. teknikk/sikkerheit