nyhende
Nortura varslar høgare prisar på kjøtt og egg
Den siste tida har det vore mangel på fleire typar norsk kjøtt. Det gjer at Nortura, marknadsregulator for kjøtt og egg, no varslar prisoppgang.
Konsernstyret til Nortura har ansvar for å fastsetja såkalla «planlagd gjennomsnittleg engrospris» (PGE) to gonger i året. Styret har vedteke prisar for andre halvår 2026 som inneber prisvekst på 3,8 prosent på storfe, 2,1 prosent på lam, 2 prosent på gris og 1 prosent på egg, ifølgje Nationen.
– Gir rom for prisauke
– Det er god etterspurnad i kjøttmarknaden, og ein kunne i periodar ha selt meir norsk kjøtt. Dette gir rom for ein prisauke for alle dyreslag. I tillegg er prisen for egg justert opp for å gi inndekking for kjønnssortering av verpehøner, som er eit viktig dyrevelferdstiltak, seier direktør i Norsk egg- og kjøttråvare (NOEK), Rolf Gjermund Fjeldheim.
Auka engrospris fører normalt til betre betaling til bonden.
Tomt reguleringslaget
Prisauken kjem etter at det allereie har vore prisvekst. Sett over eit år blir prisveksten på 8,5 prosent på storfe, 7,2 prosent på lam, 6,4 prosent på gris og 5 prosent på egg.
Høgare prisar ser ikkje ut til å ha bremsa etterspurnaden i Noreg. Nortura viser til at det så langt i 2026 har vore godt sal av storfe og svin, at reguleringslageret er tomt, og at det har vore opna for import. Nortura ventar dessutan god etterspurnad etter lam til hausten utan behov for å frysa lammekjøtt inn på reguleringslager.