Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
Friminutt med leik på Ørevik skule
Frå arkivet 1987.
Joar Svendsbø, Stian Vihovde, Kari Grutle, Kjell Vihovde og Rune Vihovde tok imot oss i skulegarden på deira første skuledag. Dei hadde friminutt, og var ute og prøvde huskene og fotballbanen i regnveret. Elevane kjende kvarandre litt frå før, for dei bur ikkje så langt frå einannan. Dessutan gjekk dei fem dagar saman på førskule, fotalde Joar.
Han hadde ikkje gledd seg så veldig til skulestarten, han syntes det var gøy å vere i Danmark på ferie. Kari hadde gledd seg veldig, og ho fortalde dei hadde fått fire bøker – og til og med lekser fekk dei på første dagen! Men lekser er berre gøy når ein er sju år og går i første klasse.
Læraren til første klassen på Ørevik skule heiter Kirsten Kalstø. Elles er det tre andre lærarar og så rektor Sivert Ørevik.
Skulen er tredelt – det vil seie at 1. og 2. klasse går i lag, 3. og 4. går i lag og 5. og 6. går i lag. Tilsaman går 34 elevar på Ørevik skule dette skuleåret.
Skuleklokka
Skuleklokka på Ørevik skule er noko spesiell. Ikkje mange av landets skuleelevar opplevar at rektor sjølv ringer i ei god, gamal bjølle med snor i! Det er bestilt ny, elektrisk skuleklokke til Ørevik skule og, men den er ikkje komen endå.