– Det må jo vera ordføraren fordi han er så flink og god
Denne våren har Dani Lukas Grunnevåg vore i arbeidspraksis i Vestavind. Han skal prøva seg på forskjellig, mellom anna «Hei, sveibu». Denne gongen har han snakka med Linda Høvring Johannesson.
– Kva gjer du til dagleg?
– Eg jobbar i Sveio Blomster, lagar bukettar og dekorasjonar.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Naturen og alle dei kjekke folka.
Annonse
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Fleire plassar som serverer mat og større sentrum.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Opningsdagen her i Sveio Blomster.
Annonse
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Det må jo vera ordføraren André Mundal Haukås fordi han er så flink og god.