nyhende

Sjølv om få kjenner allemannsretten, kjenner mange barn og unge fleire av reglane i praksis.

Barn kan reglane i naturen, men få kjenner allemannsretten

Berre fire av ti barn og unge har høyrt om allemannsretten. Samtidig kjenner dei fleste til fleire av dei viktigaste reglane for omsynsfull ferdsel i naturen.

Publisert

Det viser nye tal frå Ipsos.

– Det er positivt at mange barn og unge veit korleis dei skal ta omsyn i naturen. Samtidig er det viktig at dei også kjenner til allemannsretten som jo er ein viktig føresetnad for friluftslivet vårt og at dei forstår kvifor reglane finst, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, i ei pressemelding.

Søppel, bålreglar og telting

Undersøkinga frå Ipsos viser at 93 prosent unge mellom 8 og 19 år veit at det ikkje er lov å leggje igjen søppel i naturen. 84 prosent kjenner bålreglane i skog og mark og 74 prosent veit at ein ikkje kan setje opp telt kvar som helst.

Likevel svarer berre 38 prosent at dei har høyrt om allemannsretten. Kjennskapen aukar med alder: Berre éin av fem blant dei yngste barna kjenner omgrepet, mot nær halvparten blant ungdom mellom 16 og 19 år.

– Viktig del av norsk friluftsliv

– Allemannsretten handlar ikkje berre om reglar. Den handlar også om rettar og ansvar, som at naturen er tilgjengeleg for alle, og om balansen mellom fridom og ansvar når vi ferdast ute. Dette er ein viktig del av norsk friluftsliv og kulturarv, seier Lier.

Ho meiner frivillige friluftslivsorganisasjonar og skulen speler ei viktig rolle i å gi barn og unge erfaringar og kunnskap om naturen.

Barne- og ungdomsundersøkinga er gjennomført av Ipsos blant 973 barn og unge mellom 8 og 19 år i heile Noreg våren 2026.

Powered by Labrador CMS