Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Skøytedag på nypreppa isbane i Førde
Søndag 11. januar inviterte Førde ungdomslag bygda til skøytedag i ballbingen i Førde. Med nyfrosen is, varm kakao, nysteikte pølser og marshmallows på bål.
Isbanen er laga på dugnad av brannvesenet, og tiltaket har som mål å gi barn og unge ein trygg stad å stå på skeiser.
Isen i ballbingen i Førde er om lag fem centimeter tjukk, og hadde fått eit nytt, tynt lag berre timar før små og store skeiseløparar satte spor i isen. Dugnadsgjengen frå brannvesenet hadde først skrapt bort snø, før dei la på nytt vatn for å få best mogleg skeiseis.
– Den beste utandørsbanen
At arbeidet har gitt resultat, var det liten tvil om. Blant mange oppmøte, hadde ei jentetrio på 11 år – Sina Elise Nerland, Eliza Petzale og Charlotte Eriksen – god kontroll på isen.
– Dette er den beste utandørsbanen som er, meinte dei, og samanlikna forholda med andre banar dei har prøvd. Dei er godt kjende med både isbanar i Haugesund og på Stord.
Jentene fortalde at isbanen har blitt flittig brukt, både i friminutt og i gym- og fysisk-aktivitetstimar på skulen.
Avhengig av vêret
Kor lenge banen vil halda seg framover, kjem an på vêret.
– Det er godt mogleg han held seg ei god stund, men dersom det byrjar å regna, har eg meldt frå til skulen at banen må stengjast. Då blir det altfor glatt, seier Håkon Hansen som er med i dugnadslaget bak banen.
Søndag var det likevel strålande forhold. Ein gutegjeng fekk opp god fart og suste inn i det som vanlegvis er fotballmålet – heilt bekymringsfritt og utan fare for å gå gjennom isen.
– Det har vore eit viktig fokus for oss å laga ein trygg stad der ungane kan skeise, understrekar Hansen.
Han fortel at han dagen føre har sjekka forholda på Liervatnet, der isen varierte frå sju til tolv centimeter.
– Isen kan variere mykje, og når det ligg snø oppå, verkar det isolerande. Spesielt kan det vera tynn is der det er bekkeløp, seier Hansen som sjølv ikkje prøvde banen denne dagen. I staden trilla han barnevogna slik at førsjulsbabyen Halvor fekk sove seg gjennom skøytedagen,
Lærdom frå i fjor
Brannvesenet laga skøytebane også i fjor, men var då ikkje heilt nøgde med resultatet.
– Då la me is på grusbanen, og underlaget blei ujamt. I ballbingen har det blitt heilt fantastisk, seier Hansen.
Anette Nerland i Førde ungdomslag rosar dugnadsgjengen for innsatsen.
– Dei har lagt ned mykje arbeid med brøyting, fleire lag med is og vedlikehald. Dette er ein trygg og flott bane, seier ho.
Styret i Førde ungdomslag består av Anette Nerland Linda Sæverhagen og Vibeke Helgesen. Det var denne trioen som inviterte til bålkos og felles skeisedag.
– Det var eigentleg eit spontant påfunn for å skapa ein kjekk aktivitet no som brannvesenet hadde laga den flotte skeisebanen. Me handla inn alt me fekk tak i av pølser og ordna med varm drikke, slik at både store og små kunne kosa seg, fortel dei.