nyhende

Barn som veks opp i familiar med låg inntekt og låg utdanning har høgare risiko for alvorlege negative utfall, mellom anna knytt til livstilfredsheit og skuleprestasjonar.

Familiefattigdom i Noreg har auka 14 prosent på ti år

Ein fersk Unicef-rapport om barn og økonomisk ulikskap viser at Noreg ikkje får ned familiefattigdommen. I staden har vi hatt ein stor auke på området.

Publisert

I rapporten Report Card 20: Unequal Chances – Children and economic inequality, har Unicef sett på korleis barns levevilkår blir påverka av økonomisk ulikskap. Utgangspunktet er 44 OECD-land, alle høg- eller mellominntektsland.

Tal NTB har fått tilgang til, viser at Noreg enno ligg bra an, men har falle frå tredje til fjerdeplass på lista som viser landa i undersøkinga med lågast barnefattigdom. Danmark har framleis lågast del som lever med barnefattigdom, med 10,1 prosent.

Rapporten viser at Noreg har hatt ein auke. I perioden 2012–2022 gjekk fattigdomsdelen for barn opp, frå 10,9 til 12,4 prosent. Fordi delen i utgangspunktet var relativt låg, inneber auken ein auke på 14 prosent for Noreg.

– Det er urovekkjande og stadfestar det vi allereie veit om at mange barnefamiliar slit økonomisk i Noreg. Dette har vorte forsterka av dyrtida og går ut over livskvaliteten og moglegheiter for mange barn, seier generalsekretær Maria Greenberg Bergheim i Unicef Norge.

Enno gode levekår

Rapporten tek for seg korleis familiars inntekt påverkar alle delar av eit barns liv. Inntekta er avgjerande for bustad, kosthald, helse, fritidsaktivitetar og skuleresultat. Det medfører at barn får ulike utgangspunkt allereie tidleg i livet.

Barn som veks opp i familiar med låg inntekt og låg utdanning, har høgare risiko for alvorlege negative utfall, særleg knytt til helse, livstilfredsheit og skuleprestasjonar.

Generelt viser rapporten at barn i Noreg generelt veks opp med gode levekår.

– Vi skårar framleis relativt høgt på barns fysiske helse og ferdigheiter i internasjonal samanheng. Men tal både som omhandlar overvekt, sjølvmord og skuleresultat viser at vi likevel ligg dårlegare an enn fleire andre nordiske land, påpeikar Unicef i ei pressemelding.

Danske forhold

Danmark gjer det best av dei nordiske landa i rapporten. Noreg hamnar bak både Danmark og Island når det gjeld fysisk helse, som er samleomgrepet for overvekt og barnedødelegheit.

Barn frå låginntektsfamiliar har høgare risiko for dårleg helse og overvekt. Økonomi og overvekt ser særleg ut til å henge saman: Barn i økonomisk utsette familiar har dårlegare tilgang til sunn mat og er meir eksponert for billig og usunt kosthald.

Samtidig peikar Noreg seg ut i oversikta som landet med aller lågast sosial og økonomisk segregering i skulen. Dette betyr at elevar i mindre grad blir sorterte i ulike skular baserte på bakgrunn. Også Island og Finland har låg grad av segregering.

Etterlyser politisk innsats

Unicefs generalsekretær vil ha tiltak som kan styrkje familiar med låg økonomi.

– Vi veit at auke av barnetrygda verkar, men vi meiner styresmaktene må vurdere ein vidare auke. Nye funn viser at stadig fleire barn i Noreg er huslause. Her må politikarane på banen i bustadpolitikken, seier Bergheim

Eit anna grep dei ønskjer seg, er meir støtte til fritidsaktivitetar for barn og høgare satsar i Nav.

– Sjølv med auka satsar, viser Unicef Noregs og Sifos rapport frå september 2025 at mange barnefamiliar på sosialhjelp ikkje klarer å dekkje nødvendige behov, og igjen ser vi at einslege forsørgjarar er særleg utsette, seier Bergheim.

Powered by Labrador CMS