frå papirarkivet

3. september 1987:

Grethe Molvær viser stolt fram den fine medaljen ho vann i den 160 kilometer lange Nijmegen-marsjen i Nederland.

Grethe Molvær frå Oa: — Eg er medalje-gal!

Denne saka var på trykk i Vestavind 3. september 1987. 

Publisert

Gjekk 160 kilometer for å få medalje

Grethe Molvær på Oa er medalje-gal. Ho elskar fine medaljar — ein lidenskap som går godt saman med sportsinteressa. Ho deltar i alle moglege slags løp og marsjar for å få medaljar, og er dei riktig fine går ho gjerne med medaljen festa på seg på jobb!

I sommar gjennomførde Grethe Nijmegen-marsjen i Nederland, noko som er litt av ein prestasjon! Marsjen er kjend over heile verda som ein styrkeprøve, først og fremst for militære, men og for fleire og fleire sivile. 160 kilometer skal «marsjerast» på fire dagar, og ein har ti timar på seg kvar av dagane til å kome seg igjennom etappane på rundt 40 kilometer kvar. Den nydelege stjerneforma medalja får ein berre om ein gjennomfører heile marsjen, og det gjorde altså Grethe frå Oa.

— Eg fekk veldig vondt i hoftene og framme i leggane i tillegg til at føtene hovna opp til dobbel storleik. Men gnagsår fekk eg ikkje, for eg var nøye med å stella føtene på kvar ein rasteplass, og eg hadde både sko- og sokkebyte med, fortel Grethe Molvær. Nå — vel ein månad etter marsjen — er ei blå tå og ein fin medalje det ho har av synlege minner frå den fantastiske veka i Nederland.

Nijmegen er ein by på storleik med Bergen, og løypene i marsjen gjekk rundt byen.

— Ved innmarsjen inn i byen siste dagen var det møtt fram ein halv million menneske frå heile landet, og det var ei ubeskriveleg stemning. Folk klappa og kasta blomar til oss, og det heile var utruleg fantastisk, fortel Grethe Molvær.

KVARDAGEN

No er Grethe Molvær tilbake i jobben sin som jordmor ved Haukeland Sjukehus i Bergen. Der har ho jobba eit år no — tidlegare var ho 10 år i Førde, og der som jordmor. I fjor flytta dei så til Bergen men den nydelege heimen på Oa skal familien behalda.

Kvar fredag set Grethe og mannen seg i bilen og dreg frå storbyen til ei roleg helg på Oa.

— Me kjem til å fortsetje med dette sjølv om borna nå har flytta ut. Dette er barndomsstaden min og ein samlingsstad for heile familien, fortel Grethe Molvær.

Powered by Labrador CMS