nyhende

Geir Vinsand har arbeidd mykje med kommunestruktur i nord dei siste åra. Her frå eit foredrag om korleis han og andre jobbar med å byggje nye Lofoten kommune.

– Staten har ingen kontroll med kommunane

Kommunane har akkurat det same settet med oppgåver dei må oppfylle, trass i at både storleik og innbyggjartal varierer enormt. – Systemet styrer mot kollaps, meiner kommuneekspert.

Publisert

– Eit rettleiande prinsipp bør vere at ein kommune har mellom 15.000 og 20.000 innbyggjarar. Det treng ein for å greie å vidareføre ansvaret for helse- og sosialtenester, grunnskule, barnehage og teknisk infrastruktur.

Det seier Geir Vinsand til Nynorsk pressekontor. Han arbeider tett på kommunane gjennom selskapet sitt NIVI Analyse, og med over 30 års erfaring innanfor kommunal forvalting har han heilt klare meiningar om kva som luggar i norsk kommunesektor:

– Det er ikkje reint lite, ifølgje nestoren.

Kommunesektorens organisasjon (KS) peikar på at det er grundig dokumentert at små kommunar slit meir med å levere på lovpålagde oppgåver, men:

– Det er utfordrande for alle kommunar å ivareta oppgåvene sine. Det blir mangel på arbeidskraft i Noreg samstundes som oppgåvene veks, særleg i helse og omsorg. Difor treng kommunane større handlingsrom, og mindre statleg detaljstyring, til å finne gode lokale løysingar. Dette jobbar Kommunekommisjonen med no, seier Helge Eide, direktør for samfunn, velferd og demokrati i KS.

Kommunal fridom

I 1946 fekk den såkalla Schei-komiteen i oppgåve å sjå på kommuneorganiseringa. Forslaga til prinsipielle retningslinjer frå komiteen blei i hovudtrekk følgt opp av Stortinget i 1956. Komiteen foreslo mellom anna ein minstestorleik som kunne sikre kommunane tilstrekkeleg befolkningsgrunnlag for ein forsvarleg administrasjon og tenesteproduksjon. Vedtaket i Stortinget blei at kommunane bør ha 2.500–3.000 innbyggjarar, men 5-10.000 innbyggarar der dei geografiske forholda ligg til rette for det. Over 70 år seinare er det 128 kommunar som framleis har under 3.000 innbyggarar.

Schei-komiteen skulle greie ut fordelar og ulemper ved samanslåing av kommunar i Noreg. Innstillinga deira var at samanslåing var overvegande gunstig for små kommunar, men innstillinga møtte hard motstand i dei aktuelle kommunane. Likevel blei talet kommunar kutta frå godt over 700 til rundt 450 gjennom 60-talet. Her er Schei-komiteen samla. F.v. framme: Karl Martinussen, Nikolai Schei, Ivar Skjånes. Bak f.v.: O.J. Svennæs, Jørgen Vogt, og Ø. Halmrast.

I 1992 var Geir Vinsand sekretær for ein kommisjon som kom med ei innstilling til Stortinget der det blei peika på at det burde kome ei ny kommuneinndelingsreform ein generasjon etter inndelinga til Schei-komiteen.

– Det hadde skjedd så mykje med desentralisering av oppgåver, geografi og busetjingsmønster. Men Stortinget sa nei og innførte lokal vetorett. Slik har det skura og gått fram til vår tid, seier Vinsand.

Vinsand meiner Stortinget legg for få føringar på korleis strukturen skal vere.

– Det er i all hovudsak opp til kommunane sjølve å avgjere korleis dei vil organisere seg som administrativ eining. Det har gitt oss eit samansurium av interkommunale samarbeid, kommunar som ikkje heng saman og kommunar som slit med å levere lovpålagde tenester, seier han.

Solberg-regjeringa kom med ein kommuneproposisjon i 2015. Den skulle danne grunnlag for kommunereforma dei gjennomførte.

KS på si side støttar generalistkommune-prinsippet, og meiner alle kommunar skal ha ansvar for dei same tenestene.

– Det er mest demokratisk, fordi kvar stemme i val er like mykje verd og fordi folkevalde lettare kan stillast til ansvar. Samstundes er det klart at for å løyse alle oppgåver er det naudsynt at kommunar inngår meir omfattande og langsiktige interkommunale samarbeid i faste konstellasjonar. KS har fått greidd ut eit grunnlag for å etablere slike forsterka interkommunale samarbeid etter kommunelova, fortel Eide.

Pisk og gulrot

For å styrkje kommunesektoren er Vinsand heilt klar på at meir pisk og gulrot frå staten ville fått fart i systemet.

– Det er eit nasjonalt avgjerdsvakuum prega av sentrale politikarar med eit romantisk kommunesyn. Nasjonale politikarar tek ikkje innover seg alvoret. Dette kjem til å gå veldig gale altså, viss ikkje Stortinget byrjar å rettleie litt. Vi har fått ei sterkt kritikkverdig kommuneforvaltning, som følgje av at strukturen blir bestemt lokalt.

Han trekkjer fram to konkrete eksempel.

– Kinn kommune i Vestland er delt i to med Bremanger kommune i midten, det er hol i hovudet. Og at Haram har fått lov til å bryte ut frå Ålesund-bykommune samsvarar ikkje med logiske inndelingsprinsipp, seier han.

Geir Vinsand held foredrag om kva han meiner må gjerast med norsk kommuneadministrasjon.

Samstundes meiner han staten er for dårleg til å lønne dei som har fått til ting.

– Ved førre kommunereform, som blei sluttført i 2020, blei kommunane som slo seg saman lova fleire oppgåver, meir ansvar og mindre statleg styring. Ingenting har skjedd. Sjå til dømes til Sunnfjord der fire kommunar slo seg saman og danna Sunnfjord kommune slik regjeringa ønskte – dei burde fått nye oppgåver og utvida ansvar. Ein burde flytta ansvaret for tilretteleggjande samfunnsutvikling bort frå Vestland fylkeskommune, og laga ein regionplan for heile kommunen. Det ville forenkla heile plansystemet.

KS er samd med Geir Vinsand i at kommunane som slo seg saman ved førre reform må få overført fleire oppgåver og meir ansvar.

– Kommunane større handlingsrom, og mindre statleg detaljstyring, til å finne gode lokale løysingar, seier direktør for samfunn, velferd og demokrati, Helge Eide i KS.

– Kommunereforma førte til at svært få oppgåver blei overført frå stat til kommune. KS meiner at offentlege oppgåver blir best løyst nærast mogleg innbyggjarane, men kapasiteten og kompetansen til å ivareta oppgåvene må vurderast, seier Helge Eide.

– Gå saman med naboen

For å danne nye kommunar vil det logiske vere, ifølgje Vinsand, å gå saman med andre kommunar i geografisk nærleik og danne ein regionkommune. Altså at ein går saman med naboar med felles fysiske trekk, kultur, eller funksjonelle samanhengar. Det vil vere den tydelegaste og enklaste løysinga på kommuneflokane, meiner han.

– Landet vårt er fullt av kommunar som har naturleg tilknyting til andre kommunar. Det er berre rett og rimeleg at desse saman dannar administrative einingar. Og i dei aller fleste tilfelle vil avstandane vere til å leve med.

Han foreslår regionkommunar med eit rettleiande innbyggjartal på 15-20.000.

Jan Tore Sanner var kommunalminister ved førre kommunereform. Den gong enda det stort sett med at kommunane sjølve fekk bestemme om dei ville slå seg saman.

– Og så må vi kanskje ned til 10.000 og 7.000 nokre stadar. Hadde vi gjort dette ville einingane vore sterke nok til å halde oppe eit forsvarleg tenestetilbod og samstundes kunne dei blitt tildelt nye oppgåver. I mine auge ville det vore det motsette av sentralisering – fordi kommuneeiningane ikkje ville vore like avhengige av fylkeskommunen og staten.

I ein slik regionkommune kunne ein hatt ein underkommunal struktur, ifølgje kommuneeksperten.

– Ein kunne hatt ulike lokalstyre spreidd utover regionkommunen. Då kunne eit lokalstyre handsama saker med lokal tilknyting – i staden for at politikarane sentralt i kommunen tok seg av det. Det var slik kommunesystemet var bygd opp frå 1837 fram til siste verdskrig, med store regionkommunar med interne lokale soknekommunar.

Unntak

Ifølgje Geir Vinsand er det veldig få kommunar som ikkje hadde hatt nytte av å gå inn i større einingar. Han peikar likevel på at nokre småkommunar ligg for aude til at dei kan gå inn i ei større eining.

– Ein må ha ventil-løysingar for øykommunar og andre med ekstreme avstandar. Nokre område er rett og slett vanskelege å betene med likeverdige velferdstenester. Difor må det vere nokre unntak frå dei nasjonale reglane, seier Vinsand.

Powered by Labrador CMS