nyhende
Sveio Lions skal hjelpa til med flagging ved kommunehuset
At det ikkje var flagg på kommunehuset ettermiddag og kveld frigjeringsdagen, fekk fart i kommentarane på eit Facebook-innlegg 8. mai. No trør Sveio Lions til.
I tråd med gjeldande flaggreglement vert dei norske flagga ved kommunehuset teke ned ved arbeidsdagens slutt. Dette har vore praktisert i fleire år.
Ordførar André Mundal Haukås merka seg innlegget og engasjementet rundt at det var tomme flaggstenger på ettermiddagen frigjeringsdagen. Dette må me finna ei løysing på, tenkte han, og tok kontakt med Egil Lokna, president i Sveio Lions.
Godt samarbeid
– Me har mange aktive lag i Sveio, og me har hatt gleda av eit godt samarbeid med Sveio Lions i andre samanhengar. Difor ville eg å høyra om dei kunne tenka seg å bidra til at me kan gjennomføra flagginga på ein god måte som gjer at me kan ha flagga oppe til solnedgang, utan at det fører til ekstra kostnader for kommunen, seier ordføraren.
Etter styremøte onsdag denne veka vart det klart at Sveio Lions vil å bidra til at flagga kan henga oppe også utover ettermiddagen ved kommunehuset.
– Ein jobb til glede for mange
– Me syntest dette var eit spennande oppdrag å ta på oss. Her kan me gjera ein jobb til glede for mange, samstundes som me får synleggjera oss som eit aktivt lag i Sveio, seier Egil Lokna og Bjørn Midteide frå Sveio Lions.
Ordføraren er svært glad for at Lions vil å bidra.
– All honnør til Sveio Lions og arbeidet dei gjer her i kommunen. Det er kjekt å sjå at frivilligheita igjen stiller positivt opp når me tek kontakt. Eg er sikker på at dette blir til glede for mange, seier Haukås.