meiningar
Storm i vassglas og nokre fakta
Saka om Vestvind-journalist Morten Vågset Møller som blei pågripen og stripsa 24. april gjekk landet rundt. Det kom ein del kommentarar på Vestavind si Facebook-side som delvis samsvarar med Otto Inge Melvær sitt lesarinnlegg «Storm i eit glas vatn». Det toler me godt.
Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeider.
Felles for desse Facebook-kommentatorane er at svært få, om nokon av dei, har lese Vestavind-saka, berre overskrifta. La oss difor gi ei kjapp oppsummering av saka for alle som ikkje har lese den:
- Morten rykka ut for å sjekka tips om væpna militære i nærleiken av gravplassen like ved Sveio sentrum. Årets store HV-øving var over for fire dagar sidan, inga anna øvinga var varsla, så dette måtte undersøkast.
- Han identifiserte seg høfleg som journalist frå Vestavind med det same han kom fram til HV-troppen.
- Han blei likevel pågripen og stripsa, og fekk inga forklaring på kvifor.
- Då det etter kvart vart avklara at han var den han sa han var, var Heimevernet raskt ute med å beklaga.
Journalistar må legitimera seg overfor politiet om dei blir bede om det, på same måte som alle andre. Men journalistar har inga særskild plikt til å visa pressekort eller annan id ut over dette. Sjølv om det ikkje er lovpålagt, tilseier presseetiske reglar og Vær varsom-plakaten at ein skal vera open om sin identitet. Noko Morten var frå start då han tok kontakt med HV-troppen, men han hadde ikkje id på seg.
Heimevernet skjøna raskt bommerten, og både presseansvarleg i HV og områdeleiar HV Haugalandet beklaga.
– Dette er ikkje greit i heile tatt. Å gå til det steg å pågripa og stripsa ein sivil person på denne måten er ikkje lovleg. Her har troppen eskalert ein situasjon altfor langt, og på ein måte som ikkje er rett i høve til reglementet vårt, sa Ståle Roness, områdeleiar HV Hauglandet.
Vestavind fekk ei plausibel forklaring på kva som hadde skjedd, og at det kunne vore unngått om dei som øva hadde følgd HV sine eigne reglar:
– Det første troppen uansett skal spørja om er om vedkommande dei stoppar er markør. Då held øvinga fram ut frå det. Det blei ikkje gjort i då journalisten kom, og hadde raskt avklart at dette var ein sivil person som skal behandlast på ein heilt annan måte enn markørar, forklara Roness.
Han sa også følgande:
– Historien til både våre folk og journalisten er heilt samsvarende, og journalisten har ikkje gjort noko som gir grunn til å gå så lang som å pågripa og stripsa han.
Morten har altså ikkje gjort noko som han bør legga seg flat for eller halda tett om. Han gjorde rett og slett jobben sin.