frå papirarkivet
24. september 1987:
Hjelm er tøft!
Denne saka var på trykk i Vestavind 24. september 1987.
Hjelm er noko ein bør ha når ein skal ut og sykle. Fleire og fleire av elevane ved Bua skule meiner det, særleg no etter at dei har sett kor tøffe og fargerike sykkelhjelmane er, men og etter all informasjonen dei har fått. På tirsdag var Trygg Trafikk sin fylkessekretær i Hordaland, Arne Aase frå Bergen, til stades på skulen, og han fekk og hjelp av lensmann Kåre Ravn Ottesen.
Det var Bua som tok initiativet til dette, og dei tok kontakt med Trygg Trafikk. Aase var her sist veke for å informera foreldre, og på tirsdag var det altså borna sin tur.
– Eg merka tydeleg at elevane visste mykje om farer dei er utsett for når dei er ute og syklar, og dei forstod godt kor viktig det kan vere at dei har hjelm, sa Arne Aase i Trygg Trafikk.
Etter ein time med informasjon, bar det ut i skulegarden. Der fekk alle kome med syklane sine, og lensmann Ravn Ottesen og Aase kontrollerte dei. Nokre hadde manglar, og eigarane fekk beskjed om å fikse dette og så vise læraren sykkelen. Gjevt var det at det var sjølvaste lensmannen som var til stades, og alle syntes nok at uniformen var fin.
– Hjelm er på veg inn på mange skular no – det er til og med nokre som nektar elevane å sykla til skulen utan hjelm.