nyhende

1. pinsedag begynte ein bil å brenna på Tittelsnesvegen.

Tredje bilbrann på kort tid

Føraren kom seg ut av ein bil som begynte å brenna 1. pinsedag. Det er bilbrann nummer tre i Sveio sidan 5. mai.

Publisert Sist oppdatert

Bilbrannen blei varsla klokka 17.32 1. pinsedag. Føraren hadde fått køyrt bilen til side slik at den sto i eit busstopp på Fv. 47 Tittelnesvegen i nærleiken av Vågeelva.

Kom seg uskadd ut

Meldinga gjekk ut på at bilen var i full fyr, men føreren hadde kome seg ut av bilen og var uskadd.

Politi og brannvesen rykka ut, og brannvesenet var på plass berre sju minuttar etter første melding. Dei sett i gong sløkking og sperra vegen. Klokka 17.56 var bilbrannen sløkt.

Vegen var stengt til bilbergar hadde fått henta den utbrente bilen, og opna igjen klokka 18.10. 

Politiet har oppretta sak på bilbrannen. Årsaka til brannen er ikkje kjend.

Tredje på tre veker

Dette er tredje bilbrann i Sveio på tre veker. Den 19. mai begynte ein bil å brenna om natta på ei adresse i Førde. Her blei ein person sendt til legevakt for sjekk etter å ha ha fått i seg røyk.

5. mai havna ein bil på taket og tok fyr på E39 ved Valestand. Brannen spreidde seg også til terrenget i nærleiken. Her er det mistanke om køyring i ruspåverka til stand.

Powered by Labrador CMS