nyhende

Trass gode velferdsordningar for familiar og betre ordningar no enn før, har fødselstala i Noreg falle dei siste 15 åra.

Fødselstala fell: Livet kjem i vegen for barneplanane

Fødselstala i Noreg auka i fjor. Men talet på kor mange barn norske kvinner og menn samla får fram til dei fyller 45 år, går ned. Det kan få store konsekvensar på sikt.

Publisert

– Å vente med å få barn til ein er godt på plass i arbeidslivet er eit tydeleg insentiv i den norske familiepolitikken, på same måte som det har vore eit mål at mor skal gjere meir betalt arbeid og far meir ubetalt arbeid. Politikken har lykkast; arbeidstilbodet blant mødrer har gått ganske mykje opp, og det same har innsatsen heime blant fedrar. Men det likestilte mønsteret har nok også bidrege til at folk får barn seinare, seier Rannveig Kaldager Hart, som er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Folkehelseinstituttet.

Ho har leidd Fødselstallsutvalget som vart sett ned i 2024 og leverte sin rapport i februar.

Trass gode velferdsordningar for familiar og betre ordningar no enn før, har nemleg fødselstala i Noreg falle dei siste 15 åra. I 2009 var det samla norske fruktbarheitstalet 1,98 barn per kvinne, medan det i 2023 var 1,40.

2023-målinga er det lågaste målte nivået i Noreg nokon gong.

– Mykje tyder på at ein del av tjueåringane ikkje berre utset å få barn, men at ganske mange får færre barn i løpet av livet enn det dei ønskjer seg. Færre får tre barn, og fleire som ønskjer seg barn får ikkje barn i det heile. Eit godt fleirtal er barnlause når dei er 30, seier Hart til Nynorsk pressekontor.

Kohorten tel

At det i 2023 kom ein svak auke i talet på fødslar og talet også auka med 2,5 prosent frå 2024 til i fjor, betyr ikkje at bekymringa for framtidas folketal er avlyst. Forskarane skil nemleg mellom såkalla periodefruktbarheit – det gjennomsnittlege fødselstalet i løpet av eitt år – og kohortfruktbarheit, som viser kor mange barn kvinner og menn som er fødd same år i snitt har fått fram til dei fyller 45 år.

Fram til no har kohortfruktbarheita falle mindre enn periodefruktbarheita, men også kohortfruktbarheita har gått ned. I 2009 var kvinner frå 1963-kohorten i snitt registrerte med 2,05 barn, medan kvinnene frå 1979-kohorten i 2025 var registrert med 1,86 barn.

– At periodefruktbarheita har auka litt dei siste to åra, er ikkje overraskande. I Noreg ligg det godt til rette for å få barn i trettiåra. Mange i trettiåra har partnar, dei har fullført utdanning, har jobb og i snitt sagt at dei ønskjer to til tre barn. Det spennande er kor mange barn dagens 29-åringar endar med å få, og kor mange som blir verande barnlause, sjølv om dei kunne tenke seg å få barn, seier ho.

Nedgangen i fødselstal dei siste 15 åra har vore særleg sterke blant unge vaksne i 20-åra. Snittalderen for når ein får sitt første barn, har auka frå 28 til 30 år for kvinner og frå 31 til 32 år for menn.

For norskfødde menn var delen barnlause 45-åringar for 1979-kohorten på 22 prosent, ein auke frå 19 prosent for 1963-kohorten. For dei siste kohortane med kvinner har delen 45 år gamle barnlause auka frå 11 til 13 prosent.

I Statistisk sentralbyrås befolkningsframskrivingar er det anslått at dei samla fruktbarheitstala vil auke og kohortfruktbarheita stabilisere seg på om lag 1,7 barn per kvinne. Hart understrekar at det er vanskeleg å føresjå fødselstal. Om ho blir utfordra til å spå sjølv, trur ho kanskje desimalen kan bli endå lågare.

– Eg trur kohortfruktbarheita framleis skal ein del ned, og raskare ned enn før, og at periodefruktbarheita skal ein del opp. Men det er først dei neste ti åra me verkeleg får sjå kor mykje av nedgangen som blir henta inn.

Likestilte konsekvensar

Nedgangen i fødselstal dei siste 15 åra har vore særleg sterke blant unge vaksne i 20-åra. Snittalderen for når ein får sitt første barn, har auka frå 28 til 30 år for kvinner og frå 31 til 32 år for menn. Det mest markerte fallet har vore blant unge vaksne i aldersgruppene 20–24 år og 25–29 år.

– Noko av det mest overraskande me fann i spørjeundersøkingane, er at den auka fødealderen heng så tett saman med kor mykje folk opplever at må vera på plass før dei kan få barn. Stadig fleire tek utdanning og også lengre utdanning som dei vil gjere ferdig. Dei ønskjer i tillegg skikkeleg fotfeste i arbeidslivet, ha ein stabil partnar og ein familievenleg heim før dei får barn, fortel Hart.

Mykje tyder på at ein del av tjueåringane ikkje berre utset å få barn, men at ganske mange får færre barn i løpet av livet enn det dei ønskjer seg. Færre får også til ei viss grad tre barn, og fleire som ønskjer seg barn får ikkje barn i det heile.

Aukande bustadprisar er berre ein av mange høgst reelle hindringar, påpeikar ho.

– Det er lenge sidan kvinner tenkte at karrieren deira hadde vikeplikt når eit par fekk barn. No er det gjerne to karrierar som skal etablerast. Me veit også frå forskinga at om du jobbar nokre år før du får barn, har du ei betre lønnsutvikling etter at du har fått barn. Alt dette er ein naturleg konsekvens av den likestilte foreldreskapen.

Dårleg dynamikk

At barnløyse, og det å få færre barn enn ein håpa på kan ha stor innverknad på livskvaliteten for den einskilde, er godt kjent. Men det kan òg få konsekvensar for samfunnet, skriv utvalet i rapporten.

– For samfunnet er låge fødselstal ei utfordring. Når barnekulla blir små, får kommunane til dømes mindre tilskot. Det gjer det dyrare å organisere tilbod, og tilboda blir færre, anten det er skule eller fritidsaktivitetar. Det kan igjen gjere det vanskelegare å ha barn. Samstundes vil færre barn på kort sikt gjere at velferdsstaten sparar pengar, nettopp fordi færre går i barnehage og på skule, seier Hart.

Ei aldrande befolkning gir samstundes ein sterk og varig vekst i behovet for helse- og omsorgstenester. På lang sikt har samfunnet difor mykje å vinne på ein familiepolitikk som gjer at folk kan realisere ønskja sine om å få barn.

Tiltaka som kan bøte på utviklinga, bør ein derimot kome i gang med ganske snart, meiner Rannveig Kaldager Hart:

– Generasjonane er avhengige av kvarandre; særleg dei unge og dei gamle er avhengige av at det er ein del som jobbar. Med ei krympande befolkning, lagar vi no ei eldrebølgje som kjem rundt 2080. Det er lenge til, og kanskje freistande ikkje å tenkje på. Men når det gjeld befolkningsdynamikk, skyv me då problemet framfor oss.

7 fødselsvenlege forslag

Dette er Fødselstalutvalets hovudframlegg til ein familievenleg politikk:

  • Redusere utanforskap ved å førebyggje helseproblem og støtte gjennomføring i vidaregåande skule og inkludering i arbeidslivet.
  • Nedkorting av grunnskuleløpet, meir smidig overgang mellom førstegongsteneste og utdanning, og gjere yrkesfag meir attraktivt og tilgjengeleg.
  • Auka økonomisk støtte til foreldre under 30 år.
  • Betre bustadmarknad for barnefamiliar gjennom tiltak som reduserer bustadprisveksten.
  • Betre helsetenester for framtidige og nye foreldre, og auka kunnskap om korleis alder påverkar evna til å få barn.
  • Meir fleksibel og effektiv overgang frå foreldrepengar til barnehage. Alle barn får tilbod om barnehageplass frå fylte eitt år, samtidig som det blir opna for at foreldre kan ha 70 veker med foreldrepengar med 70 prosent kompensasjon.
  • Betre balanse mellom arbeidstid og familietid blant foreldre med yngre barn, med til dømes redusert arbeidstid for småbarnsforeldre. Informere om foreldrerettar i arbeidslivet, styrkje aktivitetstilbodet i SFO og greie ut moglegheita til praktisk hjelp i heimen.

Kjelde: Fødselstallsutvalgets rapport

Powered by Labrador CMS