nyhende
- Dette er katastrofe for naturen og miljøet
Under måndagens kommunestyremøte skulle dei folkevalde bli einige om eit samla høyringsinnspel til Statens vegvesen i samband med ny E39. Der nytta SV-representanten Olav Østebø Olsen høvet til å radbrekka prosjektet.
– Eg kan ikkje tilrå dykk å lesa berekraftsrapporten, for det er det verste sludderet eg har lese. Det er forsøk på å framstilla berekraft som ei slags tredelt sak, der du har naturmessig berekraft som i stor grad kan vegast opp mot økonomisk og sosial berekraft, sa Olsen frå talarstolen.
«Reinspikka tull»
Han trekte særleg fram omtalen av overvasshandtering som positiv miljøeffekt, noko han omtalte som «reinspikka tull».
– Men dersom du då leitar etter kva for sosial og økonomisk berekraft dei (Statens vegvesen) har leita med lys og lykte etter her, har dei mellom anna funne fram til at vegen vil bidra til betre likestilling mellom kjønna, mellom mykje anna.
– Dette her er katastrofe for naturen og miljøet og ord som eg ikkje kan gå inn på, avslutta han si tordentale for kommunestyret.
Vil stansa planlegginga
Han fremma difor sitt eige framlegg til vedtak, der høyringsutspelet til kommunen skulle gå ut på at Statens vegvesen avsluttar planlegginga av E39 i si noverande form, og at det bør utarbeidast nytt planprogram for prosjektet, der samfunns- og effektmåla måtte vurderast på nytt.
Eit viktig punkt han la fram i sitt vedtak var at planlegginga ikkje skulle takast opp att før det frå politisk hald vart definert tydelege mål som justerer ned dei negative konsekvensane for klima og miljø.
Fekk ikkje fleirtal
Neste talar frå talarstolen var John Kristian Økland frå Høgre. Han var ikkje like krass i kritikken, men peika på at E39 var ei viktig sak for kommunen, der utviklinga av den nye vegen må gjerast så skånsamt som mogleg for innbyggarane i kommunen.
Vidare las han opp formannskapet si innstilling, som vart sett opp mot framlegget frå Ø. Olsen. Resultatet vart 23–2 i favør av formannskapet si innstilling. Mindretalet var SV og MDG.
Følgjande høyringsutspel vart dermed vedteke i fem punkt:
- Sveio kommune legg til grunn at drikkevatn ikkje er ein resipient, og ber Statens vegvesen sikra at alle utslepp frå anleggs- og driftsfasen vert førte ut av nedslagsfeltet til Joavatnet. Dersom traséval eller tiltak fører til redusert drikkevasskapasitet, skade på vassforsyningsanlegg eller auka driftskostnader, føreset kommunen at Statens vegvesen dekker desse kostnadene.
- Kommunestyret ber Statens vegvesen vurdera å redusera byggegrensa i kommunedelplanen der ein allereie no ser at vegtraséen lite truleg vil få vesentlege avvik i detaljreguleringa, slik at eigedomar innanfor sona ikkje vert liggande unødig lenge i ein planskugge.
- Støy og påverknad av nærmiljøkvalitet må ivaretakast grundig i det vidare planarbeidet – både i val av alternativ og i planlegging av avbøtande tiltak.
- Kommunestyret ber Statens vegvesen vera fleksible og løysingsorienterte i møte med innbyggarar som vert råka av byggeforbodet, og i dialog med kommunen søka gode løysingar der dette er mogleg.
- Sveio kommune oppmodar Statens vegvesen til å vurdera friluftsområda i tråd med lokal kunnskap, og sikra folkehelseperspektivet i den vidare planlegginga.