nyhende

Kultur

Stemninga blir raskt oppheita når Elitelaget til venstre og Bånnlaget til høgre får vita at dei skal konkurrera om å representera Sveio i Haugalandscuppen.

Intens rivalisering og kjærleik på spel i «Nå eller aldri»

Kabareten ved Sveio skule er eit årleg høgdepunkt, der 10.-klassingane står for både idé, manus og gjennomføring. Fotball og kjærleik var årets tema.

Publisert Sist oppdatert

Premiere gjekk av stabelen onsdag, etterfølge av to framsyningar for publikum og ei eiga forestilling for elevane på barneskulen.

Når styret må ta den avgjerande avgjerda om kven som skal representera Sveio under Haugalandscupen, utviklar møtet seg raskt til eit kaotisk oppgjer. Styremedlemmene, spela av Selima Ramzanåvna Bazjajeva, Sanna Haaland og William Sørensen, er langt frå einige, og det som skulle vera ei enkel avgjerd, blir starten på ein intens kamp mellom elitelaget og bånnlaget.

Fellestreninga til Elitelaget og Bånnlaget der trenar Kjersti Anita spelt av Julianne Rommetveit får Elitelaget til å stå i planke.

Elite og bånn

Elitelaget er fast bestemte på å knusa motstandarane. Med proff haldning, gjennomført stil og hår som alltid ligg perfekt, meiner dei sjølve at dei er dei einaste som fortener å representera Sveio. Leiaren for elitelaget, Emil, spela av Thorbjørn Våga Rullestad, tek styringa i rivaliseringa. 

På den andre sida står bånnlaget, leia av ein frustrert trenar spela av Julianne Rommetevit. Dei briljerer i teknologi, matte og sjakk – og keeperen imponerer meir med Rubiks kube enn med redningar i mål. Problemet er berre at fotballreglane ikkje alltid sit like godt, noko som fører til fleire komiske augeblinkar på banen. Supportarane på sidelinja lever seg så sterkt inn at det nesten kjennest som ein ekte cupkamp.

Må velja fotball eller kjærleik

Midt i rivaliseringa får publikum bli kjende med det nyforelska paret Eli og Tobias – spela av Oda Luggenes By og Patrick Bjørge Grutle. Kjærleiken blomstrar – men blir raskt sett på prøve. Tobias spelar på elitelaget, medan Eli høyrer til på bånnlaget. 

Tobias spelt av Patrick Bjørge Grutle trossar Emil spelt av Thorbjørn Våga Rullestad når han ikkje akseptere Bånnlaget.

Elitelaget set strenge krav til kven som «passar inn» og Tobias får klar beskjed om at han ikkje kan vera saman med nokon som ikkje held elitekrava. Eli stiller han overfor eit vanskeleg val: laget eller henne. Når det verkeleg gjeld, vel Tobias kjærleiken. Det fell ikkje i god jord hos elitelaget, og han blir raskt støytt ut. Tobias finn etter kvart sin plass på bånnlaget – og tek oppgjer med Emil.

Lærarane får sitt

Elevane let også publikum bli godt kjende med lærarane ved Sveio skule gjennom fleire parodiar. Latteren sit laust i salen når lærarane sine vanar og små detaljar blir overdrivne på scena. Men det stoppar ikkje der. Glenn Rand, som har hovudansvaret for kabareten både som ideskaper og manusskaper, blir også parodiert. 

Elevane tok det også eit steg vidare då dei parodierte ei av kjærleiksballadane hans – med humoristiske stikk til dei offentlege kjærleikserklæringane hans på sosiale medium, noko som fekk salen til å trekka godt på smilebandet.

Erik Neve Frøvik (t.v.), Ivar Andre Lae Pedersen, Isak Vihovde Vestvik, og Vidar August Hidle Vikebø som utfører ein dans som får publikum til å både å smila og le.

Influensarar og catfight

Også influencerane gjer sitt inntog, med ei særs truverdig utgåve av Sophie Elise og Nora Haukland med Mariell Westergaard Bøe og Sophia Nygaard i spissen. Saman med dei kjende Bettina og Tina som kritiserer fotballaga og latterleggjer dei, hamnar dei i ein catfight, som ender venskapeleg ettersom følgartalet stig. 

6-7 som er ein ny «trend» blant ungdommen følger også gjennom heile kabreen og spesielt når Ivar Andre Lae Pedersen og Vidar August Hidle Vikebø drar med seg publikum til å rope ut 6-7. 

Mykje arbeid

Kabareten opna med ein energisk fellesdans der heile 10. trinn entra scena i fotballdrakter som passa perfekt til temaet. I løpet av forestillinga fekk publikum oppleva alt frå dansenummer til catfight, men det var songinnslaget til Hanna Sydon som verkeleg imponerte. Ho leverte eit fabelaktig nummer som fekk salen til å stilna før applausen baut laus.

Alt i alt leverte 10.klassingane ein svært vellukka og underhaldande kabaret. Det var tydeleg at det låg mykje arbeid bak både framfor og bak scena. 

Verkelig imponerande sang frå Hanna Sydon.
Powered by Labrador CMS