nyhende

– For barn under 10 år er passet berre gyldig i to til tre år, noko mange foreldre ikkje er klar over, seier Arne Voll i Gjensidige.

Har du sjekka passet ditt i det siste?

Skal du på utanlandsferie i sommar? Då kan eit utgått pass føra til bråstopp for reisa.

Heilt nye tal frå Politidirektoratet og berekningar fra Gjensidige viser at nærare 55.000 pass og ID-kort i Vestland må fornyast i løpet av året. 

Samtidig viser ei ny undersøking gjennomført av Ipsos for Gjensidige at 1 av 4 nordmenn ikkje har sjekka passet sitt det siste året.

Gyldig to til tre år for små barn

Arne Voll, kommunikasjonssjef i Gjensidige, fryktar at mange planlegg sommarferien utan å vera klar over at passet snart går ut.

– Mange trur passet varer «lenge nok», og det gjer det ofte for vaksne. Men for barn er gyldigheitstida langt kortare. For barn under 10 år er passet berre gyldig i to til tre år, noko mange foreldre ikkje er klar over, seier Voll.

Gyldigheit for pass

    • 0–5 år: 2 år
    • 5–10 år: 3 år
    • 10–16 år: 5 år
    • Over 16 år: 10 år

    Kjelde: Politiet

 Kan bli dårleg tid

Dersom passet må fornyas før sommarferien, kan det vera dårleg tid. Fleire passkontor melder om lange ventetider – enkelte stader på over éin månad.

– Viss eitt familiemedlem har utløpt pass, kan heile ferien ryka, sier Voll.

Må reisa avlysast fordi pass eller andre reisedokument ikkje er i orden, blir ikkje dette dekka av reiseforsikringen. Dette er den reisande sitt ansvar.

 Vanlege feil som stoppar reisa:

  • Feil pass tatt med til flyplassen
  • Passet er utløpt
  • Passet er skada
  • Manglande visumkrav eller innreiseløyve
  • Namn stemmer ikkje med billetten
  • Barn sin dokumentasjon er ikke i orden
  • Mange land krev også at passet er gyldig i fleire månader etter innreise
Powered by Labrador CMS