meiningar
Sveio kommune køddar med lærarnorma
I sist kommunestyre hadde Sveio kommunestyre høyringsuttale til kommunekommisjonen sin første rapport oppe til handsaming. Her valde kommunestyret ved fleirtalet beståande av Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og dei uavhengige å gå inn for å skrote lærarnorma i skuleverket.
Styret i Utdanningsforbundet Sveio hadde tidlegare i år eit lesarinnlegg i Vestavind der ein på glimrande vis argumenterte for å behalda lærarnorma. Likevel, me vil henta kvifor lærarnorma er viktig :
- ho gir minimumssikring av lærartettleiken i skulen uavhengig av skulestorleik
- elevar får betre oppfølgjing
- lærarane får ein betre arbeidskvardag og blir gitt sjansen til å stå lengre og betre i jobben
- ho har sidan ho blei innført i 2018 gitt 2500 lærarårsverk ekstra i skulen.
Som den desidert største skulen i kommunen ser me 54 medlemmar av Utdanningsforbundet ved Sveio skule med stor undring,skuffelse og sinne over at Sveio kommunestyre vedtok å støtta kommunekommisjonen sitt framlegg om å skrota lærarnorma.
Dersom ein vel å skrota lærarnorma er me ganske sikre på at lærartettleiken både i kommunen og landet vil gå ned.
Under debatten nemnde ikkje fleirtalet skulefaglege moment med eit ord. Ein prata kun om lokalt handlingsrom i politikken og mindre detaljstyring frå sentralt hald. Dette er forstemmande. I eit tid der presset i læraryrket er stort med med høgt sjukefråvær og fleire rapporter om at dei er slitne, er altså Sveio kommune sin resept på dette å gi skulen mindre lærarar. Forstå det den som vil.
Me opplever også at mange av timane som elevar med ITO (individuelt tilpassa opplæring) ikkje blir gitt av lærarar. Ved høgt sjukefråvær fell også mange av desse timane vekk. Tilbodet til elevane blir også ofte dekka ved hjelp av personar utan pedagogisk utdanning. La oss slå det klinkande klart fast: berre lærarar er lærarar!
Kvifor valde Sveio kommunestyre å gå inn for dette? Fleirtalet var veldig tause om dette i forkant, og tagnaden har halde fram i etterkant av vedtaket. Med all respekt å melda så tykkjer me denne tagnaden er arrogant og lite respektfull ovanfor ei stor og viktig yrkesgruppe. Sjølvsagt fører det også til at ein spekulerer i ting. Eit døme på dette er at fleire no har tenkt på om fleirtalet bruker denne saka med tanke på skulestruktur i kommunen? Ei fjerning av lærarnorma rammar alle skular, men slår sjølvsagt størst ut på ein skule med parallellar på alle trinn og med opptil 30 elevar i klassane.
Me har sett at ordføraren vår har vore med på forskjellig arbeid ute i felten i kommunen. No vil me utfordra han på å melda seg til teneste som ringevikar her hos oss og ta ein dag som vikar på skulen, gjerne der han først har eit par timar på småskulen, sveipar innom mellomtrinnet før han til slutt endar opp med eit par timar på ungdomstrinnet med rundt 30 elevar i klassen. KS feira med kake den dagen kommunekommisjonen la fram rapporten. Det kan me diverre ikkje tilby tilby ordføraren: det har me ikkje tid til å laga.
To ting til slutt: me vil takka Sveio KrF, Sveio SV, Sveio MDG, Sveio Arbeiderparti og TVF både for at dei svarte oss opp på førehand og for at dei stemte for å gi barna våre det best mogelege utgangspunktet i skulen!
Utdanningsforbundet har ei kampanje gåande med tittelen «Ikkje kødd med lærarnorma». Sveio kommune har diverre valt å kødda med ho. Måtte dei bli i mindretal.
For klubben til Utdanningsforbundet ved Sveio skule
Arne Tveit Katla, ATV og klubbleiar