frå papirarkivet

24. september 1987:

Annett Vikse og Elise Sveen stod bak basaren, og her har dei fått hjelp av søsken og nabo til trekkinga, som gjekk føre seg på skikkeleg vis heime hjå Elise. Frå venstre står Unn Helen Vikse, Annett Vikse, Elise Sveen, Bente Vikse og Mona Storås Våge.

Flinke «luringar»

Denne saka var på trykk i Vestavind 24. september 1987.

Annett Vikse og Elise Sveen stod bak basaren, og her har dei fått hjelp av søsken og nabo til trekkinga, som gjekk føre seg på skikkeleg vis heime hjå Elise. Frå venstre står Unn Helen Vikse, Annett Vikse, Elise Sveen, Bente Vikse og Mona Storås Våge.

Heile 1.000 kroner fekk dei inn, Elise Sveen og Annett Vikse, som var så lure å halda basar utanfor Vikse skule på valdagen. Pengane vil dei to gje til Redd Barna, og på fredag var det høgtideleg trekking av gevinstane heime hjå Elise på Søre Våge. Både foreldre, naboar og søsken var til stades for å overvære den store hendinga, og spanande var det. Mamma Astrid Sveen hadde stelt i stand kaffi etterpå, og det var ein kjekk dag for jentene.

Heile dagen stod Elise og Annett utanfor Vikse skule med basarboka si. Gevinstane hadde dei ikkje med seg, men dei hadde skrive opp alt framme i boka, slik at folk fekk vite kva dei kjøpte lodd på. 

– Det var nokre som ikkje hadde pengar med seg då dei kom for å røyste, men elles var det ingen som sa nei til å kjøpe lodd, fortalde Elise og Annett.

Dei to jentene, som går i 5. klasse på Vikse skule til dagleg, stilde opp med plakat og basarbord klokka 10 om morgonen på valdagen. Først hadde Elise ringd lensmannen og spurd om lov til å selga lodd, og det fekk dei. Heile dagen stod dei og selde, og dei hadde niste med seg slik at dei slapp å gå heim for å eta middag. Då klokka var sju om kvelden hadde dei seld lodd for 1.000 kroner, og det sa dei to seg nøgd med. 

På fredag var det høgtideleg trekning heime hjå Elise, og det var gjort på skikkeleg vis. Spanande var det og! Gevinstane hadde dei fått hjå mødre og det var fine ting som vart vunne. Svein Nesse var så heldig å vinna blonde-lommetørklær, Thea Vikse vant ein pose tomater, Per Ravn Ottesen vant kakelys, Annette Dybevik vant ei fruktkort og familien Leif Haukås vant grytelappar, berre for å nemne nokre av gevinstane som vart lodda ut. 

Powered by Labrador CMS