nyhende

Mange fritidsbåteigarar ser fram til skjergardsidyll tida framover, men om det skulle oppstå ein beredskapssituasjon, har Forsvaret lov til å ta frå deg båten din. Illustrasjonsfoto: Annika Byrde / NTB / NPK

Difor kan Forsvaret ta båten din

Tusenvis har fått varsel frå Forsvaret, og fleire får det i åra som kjem: Fritidsbåten din kan bli rekvirert i ei krise, men dei fleste slepp.

Publisert

Mange fritidsbåteigarar ser fram til skjergardsidyll og seifiske i tida framover, men om det skulle oppstå ein beredskapssituasjon, har Forsvaret lov til å ta frå deg båten din.

I vinter fekk fleire tusen nordmenn ei melding frå Forsvaret om at køyretøy, maskinar, båtar og eigedom dei hadde, måtte stå til rådvelde for dei ved behov.

Ifølgje Hans Meisingset, kommunikasjonssjef i Forsvarets logistikkorganisasjon, er det ingen forskjell på bilar og båtar når det gjeld kva dei kan krevje førebudde til rekvisisjonar.

Treng oversikt

– Rekvisisjonslova gir Forsvaret heimel til å rekvirere materiell og ressursar som er militært nødvendige i ein krise- eller krigssituasjon, enten det gjeld køyretøy, fartøy, maskiner eller annan eigedom, fortel Meisingset til Nynorsk pressekontor i ein e-post.

Generelt er førebudd rekvisisjon eit planleggings- og beredskapsverktøy som skal sikre at folk som har ressursar som Forsvaret kan ha behov for, får varsel i god tid.

– Ordninga betyr ikkje at eigendelar blir tekne i bruk i fredstid, men at Forsvaret skal ha oversikt over kva ressursar som kan bli aktuelle dersom situasjonen skulle krevje det.

Lite omfang

Forsvaret vil ha behov for svært mange køyretøy, særleg bilar og tyngre køyretøy, for transport av personell, materiell og forsyningar over heile landet.

– For båtar ventar vi at behovet er meir avgrensa og knytt til bestemte oppgåver, geografiske område og kapasitetar.

Forsvaret har sendt ut nokre titals førebudde rekvisisjonar på båtar i år. Om lag halvparten av desse gjeld fritidsbåtar. Det er ikkje planar om å sende ut fleire krav om fritidsbåtar i år, men ifølgje Meisingset blir talet på båtar som må stå til rådvelde høgare i åra som kjem.

– Omfanget er uansett lite. Eigarar av fritidsbåtar generelt treng derfor ikkje bekymre seg for at båten deira vil bli teken i bruk.

Båtfolket kjenner farvatnet

– Som forsvarsmateriell er fritidsbåtar like nødvendige og aktuelle som bilar for rekvisisjon, skriv Stig Smith, generalsekretær i Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF). Han meiner båtfolk må stille lojalt opp for nasjonen om ei krise oppstår.

– Enkelte av dei nyare båtane er eigna for militært bruk. Vidare har vi med verdas nest lengste kystlinje eit stort område å forsvare. Sivile båtar finst langs heile kysten, og brukarane har lokal kjennskap til farvatn og kjenner moglegheiter. Slik sett har vi ein forsvarsmessig fordel med over ein million fritidsfarkostar her i landet.

Smith legg også til at det er ein sjølvfølgje at båteigarar får erstatning dersom Forsvaret gjer krav på båtane deira. Hans Meisingset i Forsvaret fortel at ein eventuell faktisk rekvisisjon først vil skje ved eit klart rettsleg og operativt grunnlag, og med erstatning i tråd med gjeldande regelverk.

Powered by Labrador CMS