meiningar
Ny 39
Fornuftig utbygging av E39 Stavanger-Bergen
SV-laga i Sunnhordland ser med stor uro på planane som er lagt fram for utbygging av E39 mellom Stavanger og Bergen. No i februar presenterer Statens vegvesen kommunedelplanen Bokn-Bømlafjorden med påfølgjande høyring. Planen blir lagt ut som motorveg med fire felt og 110 km/t fartsgrense. Mange av delstrekningane er planlagde med to alternativ, nokre med eitt. Frå naturen, landbruket og lokalbefolkninga sitt synspunkt er det på alle delstrekningar nærast umoglege traseval som uansett vil ha svært store negative konsekvensar.
Me i SV vil vere ei konstruktiv stemme for meir fornuftige forslag. Statens vegvesen sitt «planleggingstog» går for fullt langs firefeltssporet, men SV ynskjer heller fullverdig utgreiing av 2/3-felts veg med 90 km/t fartsgrense og mest mogeleg gjenbruk av eksisterande trase. Me ynskjer utbetring der ein legg til eit tredje felt der omsyn til stigning og fornuftig tilrettelegging for forbikøyring er ynskjeleg for sikker trafikkavvikling og reduksjon av ferjekøar.
Me vil få ein vinn-vinn situasjon med ei rekkje fordelar:
veger med lågare fart kan tilpassast terrenget i større grad, og kan dermed ofte leggjast utanom dei mest verdifulle landbruks- og naturområda, samt at folk sine heimar kan bli sparte
fleire av- og påkjøringar aukar den lokale nytteverdien
mindre behov for massetransport vil føre til lågare CO2-utslepp under utbygginga
2/3 feltsveg kan verta så mykje som 50 prosent billigare, med resultat at ein kan ta seg råd til å gå i tunnel på dei mest sårbare og trafikkerte områda, samt sikre naudsynt rassikring i utkantane og løysing på trafikkvanskar i byane
Prosjektet baserer seg på prognosar om sterk auke i trafikkmengda. Vegvesenet sine prognosar er rein framskriving av trafikkutviklinga til no og fram mot 2060. Dette er stikk i strid med samfunnsmålet om nullvekst i personbiltrafikken. Auke av fart til 110 km/t betyr og auka forbruk for både elektriske og fossile bilar. Ein kan ikkje halda fram som om natur- og klimakrisa ikkje eksisterer, og skal vegplanar vere konstruktive må dei reflektere dette.
SV inviterer til tverrpolitisk innsats for fornuftig bruk av samferdslemidla framfor mantraet om «å stå saman om å få dei breiaste og dyraste vegane til Vestlandet».
Sveio SV
Stord SV
Tysnes SV
Tysvær SV