lesarbidrag
Lesarbidrag
Innhaldsrik tur til Halsnøy
Måndag 11. mai i strålande solskinn og iskald nordavind la 43 Sveio-seniorar ut på tur. Sveio senioruniversitet var arrangør, og målet var Halsnøy kloster og Halsnøy historiske senter i Høylandsbygd.
Første stopp var klosteret. Der orienterte først leiar i senioruniversitetet, Jostein Førland, om opplegget for dagen før Helen Petersen fekk ordet og tok deltakarane med på ei fin skildring av klosteret si historie.
Klosterdrift sidan 1100-talet
Ho peikte mellom anna på den flotte plasseringa klosteret hadde i Sunnhordland si «rundkjøring» med Bergen i nord, Stavanger i sør, Hardangerfjorden i aust og Nordsjøen og Europa i vest.
Alt på 1100-talet var det klosterdrift her. Ei tid var Halsnøy det rikaste klosteret i Noreg med mange eigedommar. Det blei nedlagt etter reformasjonen i 1536. Frå 1956 har det vore eigd av Sunnhordland Folkemuseum.
Etter ei interessant omvising bar det inn til bord pynta med kvite dukar, lys og blomar. Salatbuffeten smakte godt.
Historisk senter verdt eit besøk
Resten av dagen kunne folk velja om dei ville ta turen til «sentrum» i Sæbøvik eller besøkja Halsnøy historiske senter i Høylandsbygd. Eit stort fleirtal valde det siste, og angra ikkje på det.
Senteret blei opna i 2023 etter ide og initiativ frå båtbyggjaren Johannes Eide. Her var samlingar frå Halsnøy, men også frå andre deler av Noreg. Historia frå 2. verdskrigen hadde fått god plass. På Toftekallen blei Moritz Rabinowitz tatt av tyskarene i 1940. Museet er verkeleg verdt eit besøk.
Det blei tid til ein liten stopp på Spar-butikken i Sæbøvik før me igjen blei samla på ferja mellom Ranavik og Skjersholmane etter ein fin vårdag i vakker Vestlands-natur.
Astrid Hovda