nyhende

Dag Ingebrigtsen er toppnamnet på konserten 1. pinsedag.

Inviterer til ny pinsefestival

Kaien i Førde arrangerer også i år festival i pinsehelga. Med familiedag, gratis konsert, spesiallaga pølser og pinsemarknad.

Publisert

Programmet går over to dagar, og startar med familiedag på dagtid søndag. Når kvelden kjem er det duka for gratiskonsert. Først ut er Diesel & Dust, før Dag Ingebrigtsen avsluttar kvelden.

Mat blir det sjølvsagt også. Pinsebuffé på dagtid, og Foodtrucken Dansken på kveldstid. 

– Dansken serverer pølser i ulike variantar som er spesiallaga for oss, fortel Frida Hovland Jepsen.

Mat blir det også på 2. pinsedag, og pinsemarknad der ein kan handla litt av kvart.

– Det kjem 20 utstillarar frå Haugalandet som presenterer produkta sine i boder, fortel Hovland Jepsen.

 

Powered by Labrador CMS