frå papirarkivet

26. mai 1988:

Fem generasjonar Stokkenes samla. Frå venstre sit May Britt med babyen Inger Lise, tippoldefar Torleiv Stokkenes, mormor Helga Sunde og oldefar Peder Stokkenes.

Fem generasjonar i Førde

Denne saka var på trykk i Vestavind 26. mai 1988.

Publisert

Familien Stokkenes i Førde er ein stor familie. På biletet over er fem generasjonar samla, og då babyen kom til verda vart Torleiv Stokkenes tippoldefar! Men det er ikkje alt! Peder Stokkenes fortel at alle hans tre sønner sjølv har fått sønner, og dermed finne ein og tre bilete med fire generasjonar på herresida i skryte-albumet til Peder Stokkenes.

Tippoldefar Torleiv hadde 11 søsken, kona hadde 10. Sjølv fekk dei 10 born, og sjølv har Peder Stokkenes seks born. Så det er stor ståhei når heile familien Stokkenes er samla på eitt brett!

Torleiv Stokkenes er opprinneleg sogning, men kom til Førde som 19-åring og slo seg ned der. Han bur framleis midt i Førde, og det same gjer to av sønene.

– Eg har budd i Førde i nesten all mi tid, men eg har vore nødt til å pendla til byen for å arbeida. Med unntak av nokre år i bakeriet til Ottesen her i Førde, har det ikkje vore arbeid. Det ville vera positivt om Sveio kunne få meir arbeidsplassar, meir industri, seier Peder Stokkenes.

Powered by Labrador CMS