nyhende
Nordmenn tente meir i fjor
Gjennomsnittslønna i Noreg auka med 5,5 prosent i 2025, viser nye tal frå SSB. I snitt tente nordmenn 620.900 kroner i fjor.
Veksten kjem i hovudsak av høgare utbetalt kontantlønn, som auka med 5,7 prosent til eit snitt på 602.900 kroner. Totalt fekk 3,1 millionar nordmenn kontantlønn i 2025, skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).
Menn tener meir enn kvinner
Menn tener framleis mykje meir enn kvinner. Menn hadde i fjor i snitt 695.800 kroner i lønn, mot kvinner 539.500 kroner. Veksten var likevel omtrent like stor for begge kjønn.
Ser ein på kvar i landet folk tener best, toppar Bærum lista med eit snitt på 793.200 kroner i kontantlønn. Sola, Asker, Stavanger og Oslo følgjer hakk i hæl.
Lågare renteutgifter dei førre åra
Etter fleire år med kraftig vekst i renteutgifter ser det ut til at toppen er passert, ifølgje SSB. I 2025 auka renteutgiftene med berre 0,6 prosent – langt lågare enn dei førre åra.
I snitt hadde nordmenn renteutgifter på 73.000 kroner, mot renteinntekter på 15.200 kroner.
Samtidig med lønnsveksten viser tala at stadig fleire lever på arbeidsavklaringspengar (AAP). Sidan 2020 har talet auka kvart einaste år, og i 2025 fekk 211.000 personar AAP – opp frå 203.900 året før. Totalt vart det utbetalt 51 milliardar kroner i AAP, og snittet per mottakar var 240.300 kroner.