meiningar
Storm i eit glas vatn
Strykkarakter til journalist. Honnør til HV-mannskap.
I Vestavind nr. 16 den 30. april har avisa blåst opp det eg oppfattar som ei ikkje-sak på det meste av framsida og ei heilside i avisa.
Journalisten burde ha fått med seg at det gjekk føre seg ei HV-øving i området. Han burde òg vite at han ikkje skal blande seg inn i ei militærøving utan å kunne legitimere seg som journalist.
Etter mitt omdøme reagerte HV-mannskapa i ei skarp øving korrekt i å oppfatte ein sivil med kamera som ein provokatør i spelet.
Den einaste som har grunn til å seie seg lei for hendinga, «leggje seg flat», er journalisten, som har oppført seg så klønete at han burde ta lærdom, skjemmast og burde ha halde tett om hendinga.
Otto Inge Molvær, Kommandør/oberst