nyhende
Ulrikke vann nasjonal 17. mai-konkurranse
Blant elevar frå heile landet har Ulrikke Husebø skrive den beste 17. mai-talen. – Det ein fest å lesa 17. mai-talen til Ulrikke, meiner juryen.
Ulrikke går i 6. klasse ved Vikse skule, og var ein av 150 elevar som deltok i den landsomfattende 17. maitale-konkurransen til Framtida Junior. Talen er skrive på nynorsk.
Dette seier juryen om talen:
«Vinnaren av 17. mai-skrivekonkurransen har skrive ein morosam tale med skråblikk på dagens trivielle bekymringar sett opp mot dei harde vilkåra då grunnlovsfedrane samlast. Gjennom artige skildringar og samanlikningar er det ein fest å lesa 17. mai-talen til Ulrikke Husebø. Gratulerer med sigeren – og gratulerer med dagen!»
Via mor Heidi Husebø fortel Ulrikke at dei hadde 17. mai-tale som skuleoppgåve. Ho likte oppgåva veldig godt, og brukte mykje tid på talen også heime.
Likar å skriva humoristisk
Ulrikke er er veldig stolt over å ha vunne tale-konkurransen. Ho er glad i både historie og humor, og likar å skriva humoristisk som mange kan kjenna seg igjen i. Noko som også juryen fall for.
– Ho er ei samfunnsengasjert jente med klare meiningar om korleis ho ønsker å ha det rundt seg, og har sete tre år i elevrådet, fortel Heidi.
Her er kan du lesa 17. mai-talen til Ulrikke:
Kjære alle saman, gratulerer med dagen!
Denne dagen betyr mykje for meg. Det er jo fordi det var på denne dagen for 212 år sidan, i 1814, at Noreg fekk si eiga grunnlov. Før dette hadde vi vore i union med Danmark i over 400 år. Dei siste sju åra var spesielt forferdelege.
Engelske skip blokkerte kysten vår, noko som gjorde at kornet ikkje kom fram. Folket måtte blande bark i mjølet for å ha noko å ete. Tenk på det neste gong vi klagar over at vi må vente i fem minutt på at maten vi har bestilt skal bli klar. Forfedrane våre sat faktisk der og tygde på trebark til frukost.
I dag tykkjer vi det er krise om vi mistar 4G-dekninga akkurat når vi skal poste ein story, men i 1814 brukte dei fleire dagar på å sende ein beskjed med hest – og då var det ikkje sikkert at hesten hadde «dekning» over fjellet ein gong.
Da krigen endeleg var over, blei vi gitt bort til Sverige nesten som ein brukt iPhone med knust skjerm som ingen eigentleg ville ha på Finn.no. Men vi nordmenn er jo kjende for å vere litt ekstra sta, så vi bestemte oss for å lage våre eigne reglar først.
112 menn reiste langt for å kome til Eidsvoll. Det må ha vore litt av eit syn: 112 menn i same rom som skulle bli einige om noko! Dei brukte 37 dagar på å skrive grunnlova. Det er jo eigentleg ganske raskt når du tenker på at dei ikkje hadde ChatGPT til å hjelpe seg med noko, og at dei måtte skrive alt med fjørpenn utan «angre-knapp».
Viss du ber 112 nordmenn i dag om å bli einige om kva for ein TikTok-lyd som er mest irriterande, hadde vi sikkert site der enno.
Men desse karane klarte det, og då dei var ferdige, tok dei kvarandre i hendene og ropte: «Eininge og tru inntil Dovre faller!»
Heldigvis har ikkje Dovre falle enno, sjølv om nokon av oss kanskje føler oss litt tunge i sessen etter dagens femte krone-is. Det er noko rart med 17. mai. Det er den einaste dagen i året vi frivillig går med gnagsår frå pensko og svettar i bunad, berre for å få lov til å stå i kø i førti minutt for ei lunken pølse.
Det er faktisk den einaste dagen i året kor vi nordmenn frivillig snakkar med framande i køen, berre for å diskutere om isen var betre i fjor eller om pølsebrøda er i tørraste laget. Vi er jo dei einaste i verda som kan stå i ei folkemengd med tusenvis av menneske og seriøst tru at vi skal klare å finne venner berre ved å rope «her er eg!» inn i ein telefon med nesten flatt batteri.
Sjølv om det kan vere litt slitsamt med både kø og gnagsår, så er det likevel noko heilt spesielt med denne dagen som gjer det verdt det.
For no kan vi gå stolte i tog med flagget høgt til vêrs, medan vi sender ein tanke til dei som kjempa for oss i 1814. Hugs at 17. mai er den einaste dagen i året kor det er sosialt akseptert å balansere ei pølse i den eine hånda, ein smelta is i den andre, eit flagg under armen – og samtidig prøve å filme til snapchat medan du syng «Ja, vi elsker» av full hals.
Kos dykk masse i dag, ver stolte av flagget og ta vare på kvarandre.
Takk for meg!