nyhende
Vestavind frå dugnadsdrift til aksjeselskap:
– Heldig at Haugesunds Avis blei med
Etter 15 månader med dugnadsarbeid kom amatøravisa Vestavind ut med si siste utgåve 9. april 1987. 27. april same året blei Vestavind AS skipa for å vidareføra drifta med fast tilsette.
– Me var heldige som fekk med oss Haugesunds Avis på eigarsida frå starten av. Dermed sikra me oss også ein gratis konsulent ved at Haugesunds Avis sin sjefredaktør Kristian Magnus Vikse blei med i det første styret, seier Alf Edvin Hovda.
Han fortel korleis samarbeidet med Haugesunds Avis kom i stand, slik han hugsar det. Hovda hadde ein telefonsamtale med administrerande direktør Jan M. Kalland i Haugesunds Avis. Samtalen handla om Hovda si eiga forretningsdrift i Buavåg på den tida.
Utfordra HA-styret
– I løpet av samtalen spurde Kalland kva me elles dreiv med i Buavåg. Eg fortalte at me nett var i gang med aksjeteikning for å skipa driftsselskap for bygdeblad i Sveio. «Det var interessant. Me skal ha styremøte i kveld. Eg skal då ta opp spørsmålet om me skal medverka,» sa Kalland. Eg utfordra då Haugesunds Avis-styret til å gå inn med aksjekjøp for 50.000 kroner, fortel Hovda.
Forslag gjekk gjennom. Haugesunds Avis blei dermed største aksjonær i Vestavind frå starten av, med ein andel på 32,7 prosent. Sveio kommune gjekk inn med halvparten, 16,3 prosent. Resten av aksjane blei selde til firma og privatpersonar i Sveio. Hovda kallar responsen enorm og meiner dette var ein klar indikasjon på at avisprosjektet blei tatt godt imot av bygdefolket.
Totalt utgjorde aksjekapitalen frå starten av 153.000 kroner fordelt på 1.530 aksjar. Dette går fram av selskapet si første årsmelding. Til samanlikning er aksjekapitalen i dag, etter siste emisjon i 2004, på 537.000 kroner fordelt på 5.370 aksjar.
– Heldige med dei tilsette
Første styreleiar i det nyetablerte aksjeselskapet Vestavind AS blei Kåre Bua. Han er framleis ein av dei største private aksjonærane med ein post på 111 aksjar. Også Bua understrekar kor viktig det var at Haugesunds Avis gjekk inn med ein større aksjepost og i tilllegg blei representert i styret med sin sjefredaktør.
– Dessutan var me utruleg heldige med dei folka me tilsette. Det gjeld både Eva Marie Sternhoff, Brith Inger Engan og seinare Sternhoff sin etterfølgar Ingeborg Jensen. Eg har vore borti mange tilsetjingssaker og veit at det ikkje alltid er lett å finna så dyktige folk som desse tre, seier Bua.
Han nemner også Margareth Langebro, som etter kvart etterfølgde Jensen.
– Alle dei tre første redaktørane var dyktige på sin måte, seier han.
Med seg i det første styret hadde Bua altså Kristian Magnus Vikse, dessutan Astrid Hovda, Rune Bruket og Hans Åge Svendsen. Bruket var tiltakskonsulent i Sveio kommune på den tida, og var til god hjelp både under etableringa og den tidlege driftsfasen for bygdebladet.
Overraska over flytteforslag
For Bua sin del blei det berre eitt år som styreleiar og medlem av styret. Ein av grunnane var at det alt første året kom forslag i styret om å flytta Vestavind sitt kontor frå Buavåg til Sveio sentrum.
– Dette kom svært overraskande på meg. Initiativet kom frå Buavåg, der me også hadde sikra avisa lokale med gratis husleige. Forslaget om flytting tok på ein måte motivasjonen frå meg, medgir Bua.
Han blei etterfølgd som styreleiar av Lars Bua. Deretter overtok Mikal Møller Hovda dette vervet. Og Vestavind blei verande i Buavåg i fleire år etter dette. Me skal koma tilbake til flyttinga i eit seinare tilbakeblikk.
Tonar ned
Kristian Magnus Vikse (92), som blei verdsett som ein viktig ressursperson i det første styret, tonar ned si rolle då me møter han i heimen hans i Haugesund. Vestavind var den einaste lokalavisa Haugesunds Avis engasjerte seg i medan han var ein del av leiinga for mediehuset. Han kan ikkje seia heilt sikkert kva grunnen var til dette, men viser til det initiativet som kom frå Hovda og gründergruppa i Buavåg.
Heller ikkje Vikse blei verande svært lenge i Vestavind-styret, men Haugesunds Avis har i alle år vore representert og hatt sin innverknad på drifta.
Vestavind er 40 år i 2026, og i ein serie artiklar vil me gjennom dette året fortelja avisa si historie og presentera ein del av dei personane som i ulike roller og til ulike tider har vore med på å prega utviklinga. Her er artiklar som allereie er publiserte: