nyhende

SUNNHORDLANDSBUNAD: Magnhild Rikstad (45) frå Stord byrja å lage kreative kaker under pandemien. Så langt er det blitt rundt ti bunadskaker. «Sølvet» er handlaga av fondant og royal icing og måla med etande sølv- og gullfarge. Også bringeduken, kantbanda og beltet er handmåla. Sjølve pyntinga tek ein stad mellom 5–8 timar. – Eg kan ikkje lage detaljane før kaka er ferdig fylt. Kakene varierer litt i diameter, og pynt som bringeduk og kantband må vera mjuk når eg legg det på, elles sprekk det opp når det blir bøygd over kanten på kaka, fortel ho.

Trend: Kaker kledd for fest

For dei som verkeleg vil imponere på kakebordet og har ein dag eller to til overs, er det kaker ikledd bunad som gjeldt på denne tida av året. Her er søljer og broderi så fine at dei er til å ete opp.

Publisert

– Den største utfordringa med bunadskaker er alt sølvet og gullet; både å få det beint, men også at det ikkje knekk og sklir under montering. Særleg perlekjede i sølv er vrient. Og om kunden vil ha måla broderi med royal icing, tek det fort nokre timar ekstra, fortel Wenche Dolve (46), som er dagleg leiar for Popupcake i Sandnes i Rogaland.

Wenche fekk si første bestilling på bunadskake den gongen ho framleis berre hadde baking som hobby. Det er rundt 25 bunadskaker sidan no; mange av dei med jelsa-bunad og frafjord-bunad frå Rogaland.

Pynten er sjølvsagt etande og blir laga for hand av fondant.

3D tar rundt 15-16 timar

Ei rund bunadskake tek fort 8–10 timar. Til ei bunadskake i 3D, går det gjerne 15–16 timar, fortel ho til Nynorsk pressekontor:

BELTESTAKK FRÅ BØ: Ingrid Gundersen frå Skien med ei konfirmasjonskake kledd i lilla beltestakk frå Bø i Telemark. Sølja er støypt i former ho sjølv har laga og måla med etande måling. Resten av pynten er handlaga i marsipan. Kunden vart så fornøgd at ho nett har tinga ei ny kake til neste vår.

– Eg pregar vest og knappar med blondetrykk, og måler søljene med etande måling. Nokre kaker får trykt på broderi på sukkerark med etande blekk. Andre kaker målar eg med royal icing.

Sjå kakegalleri lenger ned i saka!

At nokon set kniven i kunstverka hennar straks dei er ferdige, skjer på ingen måte i bakarhjartet hennar, forsikrar Wenche:

– Ansiktet på kundane når dei ser kaka, gjer alltid arbeidet verdt det. Det er den største gleda i dette yrket; gleda av å sjå menneske som lyser opp.

– Det spelar likevel ingen rolle kor lekker ei kake er om ho ikkje smakar godt. Smaken er desidert det viktigaste.

Spesialstøypt form

Det er Ingrid Gundersen (26) frå Skien samd i. Ei vellykka kake er ei kake som får folk til å gispe av begeistring når dei ser ho, og så bli heilt stille av tilfredsheit når dei tek den første biten, seier ho.

Til dagleg er Ingrid kontorleiar på eit legesenter. Ho byrja å bake kunstnariske kaker på ungdomsskulen, og har i løpet av åra laga sju bunadskaker på bestilling. All pynt er handlaga av marsipan med detaljar dekorert med etande måling.

Søljene er støypte i former ho sjølv har laga.

– Eg har ei god venninne som er gullsmed. Ho hadde ei prototype til ei søljeform i sølv som eg fekk låne til å støype mine eigne former av. Slik har eg eit fint utgangspunkt som eg byggjer vidare på kvar gong eg lagar bunadskaker.

Ingrid støyper og måler gjerne søljene ei veke før ho bakar sjølve kaka. Når kaka er laga og ferdig trekt med marsipan, set ho gjerne av ein heil dag til pyntinga.

– Eg kan ha litt perfeksjonistiske tendensar, så det kan vera ei utfordring ikkje å hengje seg opp i detaljar og småfeil når eg målar. Men ironisk nok er det òg det som gjer dette så moro; at eg veit at kaka skal etast innan nokre timar uansett.

Powered by Labrador CMS