Vegvesenet sin planleggingskortesje for ny E39 held fram, og han tar ikkje til takke med kva som helst – det er kun fire felt som gjeld, og farta skal vere 110 km/t. Alt skal bli større og gå fortare. Det er jo ingen teikn i samtida som syner at stadig større einingar og høgare tempo i kvardagen kan ha negative påverknader på livsglede og meistring… Eller?
Nei, i framtida må alt bli større. All utvikling dei siste århundra har hatt dette som premiss - no er ikkje tida for å tenkje nytt. Så det er berre å stake ut ein kurs, teikne trasear og lage 3D-modellar så folk får sjå kor flott det blir. Då bør vel dette gå som smurt? Er ein ekstra lur legg ein opp til to trasèalternativ – sånn at sambygdingar må ta stilling til kven som skal få heim og gard rasert. «Splitt og hersk» fungerte for Romerriket, så kvifor ikkje la seg inspirere? Ein har allereie bestemt at ein ikkje skal tenkje nytt.
Så langt, så godt. Men no lurer farene – for Vegvesenet er ikkje sett over norsk lov. Det er mange instansar som kan uttale seg og meine noko om veg. Til og med Gud og kvarmann kan få uttale seg i høyringsrundane, skjøne det den som kan. Er ein heldig får ein berre spørsmål frå nokre råka bønder som spør om øydelegging av gard og matjord kan reduserast frå katastrofal til alvorlig. Men ein kan aldri vite sikkert – kanskje kjem det mindre laglege spørsmål. Kva blir bompengeprisen? Kor mykje støy vil vegen skape? Er alternativ til fire felt utreiia skikkeleg? Kor mykje natur og matjord vil vegen øydeleggje? Vil vegen vere samfunnsøkonomisk lønnsam? Er trafikkframskrivningar realistiske – eller er det større veg som skapar auke i trafikken? Korleis var det – har keisaren klede?
Heldigvis har ikkje Gud og kvarmann stemmerett i kommunestyra. For lokalpolitikarane er dette ei av mange saker dei må handsame – på si eiga fritid. Dermed kjem 3D-modellar og flotte, lange (om enn så smalspora) rapportar til gode igjen. Om Vegvesenet med alle sine ekspertar ikkje eingong vurderer noko anna enn fire felt er vel saka klar?
Skulle ein vanskeleg kommunestyrerepresentant stille spørsmål er det på tide å finne fram pisken. Ein bør ikkje stille seg i vegen for Vegvesenet, for då risikerer kommunen å få færre (eller ikkje nokon) kryss på den nye vegen. For stor motorveg den kjem, koste kva det vil - helsing Vegvesenet.
Høyringsfristen er 23. mars, info er på Vegvesenet sine nettsider. Me vil sei vår meining – det håper me du og gjer. Både no og til hausten når kommunestyra skal handsame kommunedelplanen.
Arild Høyland, lokallagsleiar Sveio SV
Henning Bratthammer, lokallagsleiar Tysvær SV