nyhende

Siri Leifsen jobbar som stasjonholdar og sender vassprøvar til NILU.

Kvar måndag samlar Siri inn regnet for forskarane

Kvar måndag morgon, før mange andre ungdomar har kome seg skikkeleg i gang med dagen, går 14 år gamle Siri Leifsen frå familiegarden i Vikedal mot ein liten nedbørsstasjon ute i bygda. Mellom klokka sju og ni må arbeidet vere gjort.

Publisert

Der står ein behaldar frå klima- og miljøforskingsinstituttet NILU fylt med regnvatn frå den siste veka. Siri tek behaldaren med seg heim for å måle kor mykje nedbør som har kome.

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Grannar.

— Så fyller eg ut eit skjema med stasjonskoden, dato og kor mykje vatn det var i behaldaren, fortel ho.

Deretter tek ho ei vassprøve over i ei lita flaske på 100 milliliter. Flaska blir merkt med dato og total mengd vatn før både prøva og skjemaet blir sende i posten til NILU sitt laboratorium for analyse.

Når alt er registrert, må behaldaren vaskast med destillert vatn før han blir sett tilbake på plass.

— Dette gjer eg også den første dagen i kvar månad, seier Siri.

Ho har etter kvart fått gode rutinar på arbeidet, men understrekar at det krev at ho hugsar på oppgåva kvar einaste veke. Regnet ventar ikkje, og det gjer heller ikkje forskarane som treng prøvane.

Ingen pause frå oppdraget

Arbeidet stoppar ikkje sjølv om det er heilagdag eller ferie. Siri må gjennomføre målingane på alle dagar – akkurat som andre vanlege måndagar gjennom året.

Skal ho reise bort, må andre ta over ansvaret.

Siri Leifsen tømmer vatn oppi beholdaren.

– Eg har lært opp naboane, slik at dei kan gjere det dersom eg er vekke, fortel ho.

Sjølv om arbeidet kan verke lite, er oppgåva viktig. Nedbørsbehaldaren i Vikedal er ein del av NILU si landsdekkjande miljøovervaking. Stasjonen blir kalla ein bakgrunnsstasjon og samlar inn data om mellom anna nedbør, luftforureining og miljøpåverknad.

Til saman har NILU 17 slike stasjonar rundt om i landet, også på Svalbard. Overvakinga har vore i drift sidan 1970-talet og er ein del av dei nasjonale programma til Miljødirektoratet.

Data frå stasjonane blir brukte av forskarar for å følgje utviklinga i miljøet over tid. Slik kan ein oppdage endringar i klima, nedbør og forureining.

Ei oppgåve som har gått i arv

For Siri handlar ikkje jobben berre om målingar og skjema. Arbeidet har lange tradisjonar i familien.

— Besten hadde jobben frå lenge før eg blei fødd. Seinare fekk storebroren min ta over. Då han flytta, gjekk jobben vidare til storesøstera mi. Då ho byrja på vidaregåande, fekk eg jobben, fortel ho.

14 år gamle Siri Leifsen hentar nedbørsbehaldaren i Vikedal kvar måndag og den første dagen i kvar månad som ein del av miljøovervakinga til NILU.

No er det Siri som passar på at målingane blir gjorde kvar veke.

Ho synest det er fint å føre vidare noko familien har halde på med i så mange år. Samtidig kjenner ho på ansvaret som følgjer med.

Ho får løn for arbeidet, men seier at mesteparten av pengane går rett inn på sparekontoen. Litt blir likevel brukt på shoppingturar til Haugesund.

– Det er greitt å bruke litt pengar òg, seier ho.

Regnfulle dagar og julegåver

Det finst og dagar der jobben kjennest tung.

– Kanskje når det regnar masse. Då må eg ut og hente behaldaren, seier ho.

Særleg på mørke og våte haustdagar kan det vere freistande å bli inne. Likevel veit Siri at målingane må gjerast.

Av og til har ho gløymt målinga, noko som kan bli stressande når rutinane er så viktige.

– Då blir eg veldig stressa, fortel ho.

Skjema som Siri må fylla ut kvar måndag før det blir sendt vidare til NILU si landsdekkjande miljøovervaking.

Samtidig finst det lyspunkt. Av og til sender NILU ei lita helsing til dei som driv stasjonane.

– I fjor fekk storesøstera mi ei stor eske med masse godteri, fortel Siri og smiler.

Gjennom arbeidet sitt er 14-åringen med på noko langt større enn seg sjølv. Kvar veke samlar ho inn informasjon som forskarar bruker for å forstå klima, nedbør og miljøendringar i Noreg.

Med ein liten behaldar, eit skjema og faste rutinar bidreg ho til forsking som kan få betydning langt inn i framtida.

Powered by Labrador CMS