meiningar

– Dei som treng krisesenteret, kan ikkje igjen bli ventande på at regjeringa skal finne ei ordning, og stake ut ein ny kurs. Dei treng trygge bygg, trygge rammer og eit tilbod som er der når livet står på det mest alvorlege, skriv André Mundal Haukås og Monika Lindanger.

Krisesenterbygg debattert i Stortinget: Krisesentera har venta lenge nok

Tysdag kveld debatterte Stortinget finansiering av investeringar i krisesenterbygg. Det er flott å høyre ei tverrpolitisk semje kring viktigheita av krisesentera våre, og at ein ser behovet for å sikra ei finansiering av bygga som gjer at kommunane kan tilby trygge og framtidsretta bygg.

Diverre ser det ut for at historia gjentek seg, og at me igjen blir sitjande å venta i usikkerheit. Me vil difor oppmoda stortingspolitikarane til å tenkja seg om ein gong til, for det me høyrde tysdag kveld, var kjende tonar.

Det er positivt at Stortinget ser alvoret. Men det er skuffande at fleirtalet i komiteen ser ut til å sitja roleg i båten medan dei ventar på at regjeringa skal stake ut ny kurs. Krisesentera har venta lenge nok.

Saksordførar Hanne Beate Stenvaag frå Raudt peika i debatten på eigne erfaringar frå arbeid i eit gammalt og dårleg krisesenterbygg, og sa det treffande frå talarstolen:

«Krisesentera er vant med å vente» – før ho avslutta med at «Krisesentera har venta lenge nok».

Anne Lise Gjerstad Fredlund frå SV understreka på si side at dette handlar om folk som ikkje kan venta på neste budsjettår, og at SV er utolmodige.

Me deler dette synet – krisesentera har venta lenge nok – og våre ibuarar kan ikkje venta i uvisse mot nok eit budsjettår. Dette handlar ikkje om pynt eller komfort. Det handlar om tryggleik, verdigheit og beredskap for menneske som står i svært krevjande livskriser.

Statsråd Bjørnar Skjæran gjentok i debatten at krisesenterbygg er eit kommunalt ansvar, og viste til at Husbanken ikkje er innretta mot mellombelse butilbod – og at Husbanken heller ikkje har særskild kompetanse på denne typen bygg. 

Diverre vart dette truleg dagens kortaste replikkordskifte. Ingen utfordra statsråden på kva som skil forslaget som no ligg føre, frå bestillinga regjeringa fekk frå Stortinget i 2023. Resultatet den gongen vart 10 millionar kroner i 2025 – ei ordning som langt frå svarar på dei reelle behova. 

Ingen utfordra han heller på det TV2 har omtala: at 800 millionar kroner stod ubrukt i Husbanken si ordning for omsorgsplassar. (Lekkasje: Regjeringen fjernar særkrav til sjukehjem) samstundes som statsråden var godt kjend med behova frå krisesenter rundt i heile landet.

Når dagsenter og akuttsenger knytt til legevakta kan omfattast av investeringstilskot gjennom husbanken, er det vanskeleg å forstå kvifor krisesenterbygg skal falla utanfor. Det er ikkje tilstrekkeleg å visa til at dette er eit kommunalt ansvar, når staten samstundes ikkje gir kommunane verktøya som trengst for å løysa oppgåva.

Eigarkommunane bak Krisesenter Vest IKS understrekar at dei ikkje ber staten ta over ansvaret. Kommunane står klare til å bidra. Men dei meiner staten må sørgja for ei reell, føreseieleg og tilstrekkeleg investeringsordning som gjer kommunane i stand til å oppfylla det lovpålagde ansvaret sitt.

No har partia på Stortinget ei veke på seg før voteringa. Me ber dei bruka den tida godt. Mindretalet sitt forslag gir ei tydelegare retning. Det bør fleire stilla seg bak. For dei som treng krisesenteret, kan ikkje igjen bli ventande på at regjeringa skal finne ei ordning, og stake ut ein ny kurs. Dei treng trygge bygg, trygge rammer og eit tilbod som er der når livet står på det mest alvorlege.

Me deler det manglande tolmodet som stortingsrepresentantane uttrykte tysdag, men no ber me dei sjølv gripe roret og setje kursen – før me igjen strandar på nok eit kvileskjær.

André Mundal Haukås,
ordførar i Sveio og leiar av representantskapet i Krisesenter Vest IKS

Monika Lindanger,
ordførar i Tysvær og nestleiar i representantskapet i Krisesenter Vest IKS

Powered by Labrador CMS