Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
frå papirarkivet
20 år sidan:
Trompetisten med kornett
Stig Espen Hundsnes (17) er i ferd med å bytta ut kornetten med trompet. Legg merke til namnet hans med ein gong, for det kan du komma til å høyra meir til.Saka var på trykk 11. august 2005.
17-åringen har ord på seg for å spela fletta av dei fleste. Det ryktet har han levd med minst sidan han var 10. I korpskonkurransar blir han lagt merke til. Eb-kornetten hans blir framheva, og kjente dirigentar dirrar av begeistring over ungguten sitt talent.
I Sveio skulekorps er han framleis kongen på kornett. På musikklinja på Stord vidaregåande har han bytta ut korpsinstrumentet med ein trompet.
– Forskjellen? Stig Espen smiler lurt. – Alle lurer på det. Vanskeleg å svara på faktisk. Men trompeten er for det første lenger. Lyden er stivare og kvassare, klangen litt meir pompøs. Eg synest faktisk trompeten er enklare å spela på.
– Planen min er å øva masse, bli endå betre. Skal eg først bli musikar må eg ha ei skikkeleg utdanning, nyttar ikkje å gi seg med musikk på vidaregåande, smiler han.
Musikalsk er han altetande, men med størst appetitt på jazz og storband. Naturleg nok.
Men måndag var han med på eit musikalsk stunt litt utan om det vanlege. Uttalt fotballhatar som han er, måtte han fint setja seg i bussen saman med alle dei andre i Sveio skulekorps og køyra dei tre timane til Bergen og Brann stadion. Der spelte dei i 30 minutt før kampstart. Såg kampen, og køyrte tre lange timar heim igjen. Han var ikkje i seng før i to-tida i natt.
– Det var ikkje akkurat fotballkampen eg reiste for, innrømmer trompetisten.