nyhende

Lotte Våge Aspevik frå Sveio startar snart læretida som skipsmotormekanikar hos Solstad. Her saman med dagleg leiar i Maritim Opplæring Sørvest, Inge Jarl Auestad.

Lotte (19) fann vegen til draumelæreplassen

Lotte Våge Aspevik valde som mange andre studiespesialisering etter ungdomsskulen. Så endra alt seg, og no har ho fått læreplass hos Solstad.

Publisert

Undervegs i studiespesialisering byrja den unge sveibuen å kjenna at noko ikkje stemte heilt. Etter sjukdom, mykje fråvær og kjensla av å vera på feil spor, bestemte ho seg for å tenka nytt – og valde yrkesfagvegen og VG1 teknologi- og industrifag. Det skulle visa seg å bli eit vendepunkt.

– Eg treivst utruleg godt med ein gong. Det var mykje meir praktisk, og eg kjende at eg fekk energi av å læra på ein annan måte.

Demonterte turboen

Interessa for mekanikk hadde vore der lenge. Lotte kjem frå gard, treivst med praktisk arbeid og har mellom anna demontert turboen på ein Audi A4 på fritida – berre fordi ho syntest det var gøy å forstå korleis ting fungerer.

Fleire ho kjende var maritime lærlingar eller arbeidde allereie til sjøs, og historiane deira gjorde henne nysgjerrig på livet om bord. Det førte til at ho valde VG2 maritime fag.

– Eg hadde høyrt mykje positivt frå andre som arbeidde maritimt, og jo meir eg lærte om det, jo meir kjende eg at det kunne passe for meg.

Brikkene fall på plass

Men særleg tanken på å vera lenge borte heimanfrå skapte tvil om dette var rett val likevel.

– Ein veit jo at ein kjem til å gå glipp av mykje. Bursdagar, høgtider og tid med familie og vener. Ein er jo borte omtrent halve året, og det er klart ein tenkjer mykje på det før ein vel denne vegen.

Det endra seg under utplasseringa, og brikkene fall på plass.

– Eg vakna med mykje energi kvar morgon. Eg gledde meg til å læra nye ting og gå ned i maskinrommet. Då skjøna eg at dette var det eg ville.

Fekk plass hos førstevalet

19-åringen har no fått læreplass som skipsmotormekanikar hos Solstad – reiarlaget som heile tida stod øvst på ønskelista hennar.

– Eg hadde høyrt utruleg mykje positivt frå andre lærlingar og folk som arbeidde der. Det verkar som ein stad der ein får læra mykje, blir teken på alvor og får vera med på spennande oppdrag. Eg likar også at ingen dagar er heilt like, seier ho.

Lotte Våge Aspevik fortel om vegen frå studiespesialisering til maritime fag til dagleg leiar i Maritim Opplæring Sørvest, Inge Jarl Auestad.

I år tilbyr reiarlaget ny læreplass til totalt 20 unge menneske innan faga matros, skipsmotormekanikar, maritim elektrikar og ernæringskokk. Konkurransen om plassane er stor, og Lotte er svært medviten om at ho er blant få som faktisk fekk ønskelæreplassen sin.

– Då eg opna e-posten og såg at eg hadde fått plass, blei eg heilt utruleg glad. Det kjendes nesten litt uverkeleg.

– Enorm vilje og innsats

– Det er utruleg inspirerande å møta ungdomar som verkeleg arbeider hardt for å nå måla sine. Mange har vist enorm vilje og innsats gjennom skuleløpet for å koma dit dei ønsker, seier Inge Jarl Auestad, dagleg leiar i Maritim Opplæring Sørvest.

Han meiner samstundes at historia til Lotte viser noko dei ofte møter i arbeidet med unge menneske og rekruttering til den maritime næringa.

– Sjølv her på Haugalandet, der sjøfart og maritim industri er ein naturleg del av regionen, er det mange unge som eigentleg aldri vurderer maritime fag som ein mogleg yrkesveg. Mange kjenner rett og slett ikkje til kor mange moglegheiter som finst.

For Lotte var det nettopp kombinasjonen av praktisk arbeid, teknologi og moglegheita til å reise som gjorde valet enkelt til slutt.

– Eg trur det verste eigentleg er å angra på ting ein ikkje gjorde. Eg har lært at dei største moglegheitene ofte kjem når ein vågar å seia ja.

Kort om:

  • Maritim Opplæring Sørvest er opplæringskontoret for maritime fag i området frå Kristiansand opp til Sognefjorden. 
  • Dei har 500 lærlinger fordelt på dei 45 rederia som eig opplæringskontoret. 
  • Med seks sette samarbeider organisasjonen tett med rederi, videaegåande skuler og lærlingar for å sikra rekruttering og kvalitetsopplæring innan maritime fag.
Powered by Labrador CMS